Nyheter

På veg mot ein vinnar i Snåsa

Den opne plan- og designkonkurransen for det sør-samiske kultursentreret Saemien Sijte i Snåsa har nådd fase to. Tre kontor går til forhandlingar om oppdraget med Statsbygg, og alle kallast «vinnarar».


Fra nede til venstre med klokken: «Vaalje» v/RRA sivilarkitekter, «Reiv» v/BGO Arkitekter og «Sti» v/SQ Arquitectos. Ill.: Arkitektene

Dei tre «vinnarane» som no kan sjå fram til haustlege forhandlingar, er BGO Arkitekter, Oslo, for framlegget «Reiv», SQ Arquitectos, Valencia, for «Sti», og RRA sivilarkitekter, Oslo, for «Vaalje».
To kontor er premierte: Flux Arkitekter, Oslo, og Heiko Weissbach og Jonas Luther, Berlin.
I forhandlingane om prosjekteringsoppdraget i Nord-Trøndelag vil rangeringa frå juryen vege 60 prosent. Kontorets kompetanse, organiserings- og gjennomføringsemne vil vege 20 prosent, og honorartilbodet 20 prosent.

Rapporten med vurderinga frå juryen blir ikkje offentleggjort, og heller ikkje meddelt nokon av deltakarane, før den endelege vinnaren har skrive kontrakt med Statsbygg mot slutten av året. Inntil da reknar Statsbygg med tre «vinnarar» i den internasjonale mannjevninga – i tråd med vilkåra for tevlinga.

Innbydaren fekk inn 32 forslag frå seks land – Norge, Spania, Sverige, Danmark, Finland og Tyskland, skriv Statsbygg i ei pressemelding.
I juryen sat seks personar, av desse tre arkitektar: sivilarkitekt MNAL Arne Christian Blix, sivilarkitekt MNAL Stein Halvorsen og landskapsarkitekt MNLA Hege Gultvedt. Jurysekretær var MNAL Anne Myklebust.

Kritikk frå Norske arkitekters landsforbund
NAL utnemnde ingen juryrepresentant. Forbundet fekk forespørsel frå Statsbygg, men takka nei.
Konkurransesekretær Per Rygh grunngav dette, i eit brev til Statsbygg 20.01.09, med at konkurransen bygde på premissar som var «i alvorlig motstrid mot norske og europeiske arkitekters konkurransekultur». Forma – ein mellomting av ein plan- og designkonkurranse og ein anbudskonkurranse – gjekk imot reglane for gjennomføring av plan- og designkonkurransar i Anskaffelsesforskriften, og var ikkje akseptabel for NAL, skreiv Rygh. Han oppmoda difor den statlege byggherren om å endre opplegget.

Statsbygg var ikkje samd og hevda i svarbrevet «at oppdragsgiver er gitt en vid anledning til å gjennomføre plan- og designkonkurransen slik man finner det mest hensiktsmessig i forhold til oppgaven som skal løses».