På post i Sogndal
Arne Lerum er einaste arkitekten i administrasjonen i Sogndal kommune. Han steller med alt frå fontener til politikarar, og held Fjøra i hop.
Sogndal er kjent for høg fotballkultur og god saft, og er elles eit knutepunkt i Indre Sogn. Ein kan reise dit med bil og buss, båt og fly. Eg tok turen frå hovudstaden med buss gjennom Valdres over Filefjell og ned Lærdalsdalen. Landskapet endra seg frå det liggjande til det ståande, medan panelborda på gamle hus snudde frå det ståande til det liggjande. Målet fekk sterkare klangfylde med kvart einaste sjåførbyte. Frå Lærdal gjekk vegen rakt gjennom fjellet. Vi fór over vatnet på ferje, møtte eit par digre Lerum-lastebilar midt inne i ein ny tunnel, passerte Lerum-fabrikken i Kaupanger, kryssa brua inst i Sogndalsfjorden og fann tettstaden Sogndalsfjøra, eller berre Fjøra, i litt slakare lende mellom vatnet og fjella.
Hus og fjellveggar
Lerum-namnet kjem frå eit klyngetun på sørsida av Lusterfjorden nokre mil nordaust for Sogndal. Arkitekt og kommuneplanleggjar Arne Ingjald Lerum eig eit lite bruk med epletre i Luster, og har eit syskenbarn som driv butikk der.
Men han bur i Fjøra, og det var der eg fann han, på den daglege arbeidsplassen i kommunehuset, eit kvitt og lågt murhus teikna av Arnstein Arnebergs arkitektkontor på 1950-talet ein gong. På kontordøra stod det «115 Planleggjar Arne Lerum», så eg skjøna at eg var på rett stad. Det var berre å stige inn og få servert kaffi.
Det var ikkje sjølvsagt at Lerum skulle bli arkitekt. Først utdanna han seg til sivilingeniør ved NTH. Så fekk han ein telefon frå Molde med spørsmål om han ville jobbe med by- og regionalplanlegging i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han kom i ei arkitektgruppe og likte jobben så godt at han fann ut at han måtte bli arkitekt, han òg. Så søkte han permisjon frå stillinga og drog attende til NTH. I 1982, etter tre år med hard jobbing, returnerte han til Molde med arkitektdiplomen i sekken.
Ja, i sekken. Arne Lerum er friluftsmann. Han er interessert i både husveggar og fjellveggar. Han har halde seg på Vestlandet i brattlendt terreng som arkitekt i det offentlege og instruktør i fjellklatring og brevandring. Han er i dag leiar av Sogndal Turlag og ville truleg ikkje halde ut å bu på flatbygda i aust.
I 1986 tok han eit vandresteg over frå den fylkeskommunale administrasjonen til byplankontoret i Molde, og i 1990 vart han planleggjar i Sogndal kommune. Der har han halde seg sidan med unnatak av eitt år på utlån i Luster kommune.
– Du har alltid arbeidd i det offentlege. Kvifor?
– Offentleg planlegging var i høgsetet på 1970-talet. Eg har alltid vore interessert i skjæringsfeltet mellom politikk og administrasjon og hatt lyst til å arbeide på det meir overordna planet, ikkje berre med detaljar på vindauge, svarar han og fortel at han er utdanna i den sosialdemokratiske tradisjonen i den tida da det offentlege kjøpte tomter til eigen bruk, eller for å sikre seg kontroll. Planleggjarrolla er no ei anna, makta er mindre og aktivistane har vorte byråkratar.
– Driv du med prosjektering?
– Ja, litt. På byplankontoret i Molde laga vi ting sjølve. Her er eg meir ein rettleiar for private utbyggjarar. Men eg har prosjektert ei fontene i Fjøra og nokre grøntrabattar og slikt. Kollegaene mine seier at eg ser mest nøgd ut når eg teiknar.
Flat struktur
Norske kommunar er organiserte på ulike måtar, og utviklar seg i ulike retningar. Sogndal kommune var organisert i sektorar, men fekk i 2000 ein flat struktur med fjorten sidestilte einingar. Alle rapporterer direkte til rådmannen, og berre kommunalsjefen har personalansvar.
Det er elleve tenesteeiningar for mellom anna tenestetorg og kultur, plan og næring, kommunalteknikk, helse og sosiale tenester, barnehagar og skuler. Det er støtteeiningar for administrasjon, ønonomi og fag og utvikling.
Det er viktig å nytte ressursane best mogleg, og dei tilsette hjelper kvarandre på kryss av einigane – utan å fakturere timar.
Arne Lerum er i eininga for fag og utvikling. Han er kommuneplanleggjar med faste oppgåver som utarbeiding og revisjon av ulike kommuneplanar. Han har støttefunksjonar og gir råd til andre som treng arkitektkompetansen hans i teneste- og byggjesaker. Han brukar òg sjølv av andre sin spesialkompetanse, til dømes i data.
– Korleis er det å vere einaste arkitekt i kommunen?
– Det kan du spørje om, seier han og tenkjer seg om ei lang stund. – Det var først da eg kom hit til Sogndal at eg vart aleine. Eg trur at kompetansen er verdsett, eg føler det, seier han. Så kjem han på at det er eit bra arkitektmiljø i Sogndal. Dei er åtte–ti arkitektar i alt, og han kan ta telefonar og prate med dei om prosjekt. Grensene mellom det offentlege og det private er ikkje så strenge.
Han er medlem i AFAG og Norske arkitekters landsforbund (NAL) og er leiar i Sogn og Fjordane Arkitektlag (SoFA). Det er viktig å halde kontakt med sentrum og sørgje for fagleg oppdatering. Sjølv held han kurs for ingeniørar.
– Korleis er det å arbeide med politikarar?
– Morosamt! Eg er sekretær for fleire politiske utvalg og er med på møte om meir ukurante byggjesaker. Eg prøver å skrive innstillingar som er forståelege, og svarer elles på spørsmål i møta.
– Er det ofte konfliktar mellom fag og politikk?
– Det kan vere at politikarane meiner at dei arkitektfaglege vurderingane ikkje skal ha så stor vekt i Sogndal. Da må eg akseptere det. Det viktige for meg er at det eg har skrive i den faglege innstillinga, held mål, at eg kan stå for det.
– Er det ikkje lett for deg som einaste arkitekt å tilpasse deg til dei andre og deira kultur?
– Eg prøver å halde på integriteten. Konfliktane gjeld for det meste økonomi, kva arkitekturen skal koste. Om politikarane vil ha totalentreprise utan spesifisering, kan eg advare, men det er òg alt eg kan gjere.
– Lidl, nei takk
Lerum er natur- og miljøvernengasjert, og da han kom til Sogndal i 1990, stod miljøpolitikken høgt i kurs. Tettstaden var frå 1988 til 1991 eitt av tre område i NAMIT-prosjektet (for natur- og miljøvennleg tettstadutvikling), og Sogndal kommune var frå 1991 til 1996 ein av ni norske økokommunar.
– Sogndal var ein politisk kommune, seier Lerum og forklarer at dette drog han til bygda. Kommunen skipa til miljøskule for politikarar og administrasjon og hadde òg ein miljøvernleiar i perioden 1988–98. Denne stillinga eksisterer framleis, men miljøvernleiaren har permisjon utan vikar. Miljøarbeidet har falle i kurs. Kommunal- og regionalminister Erna Solberg fokuserer meir på kommunal økonomi, kommunen som tenesteytar og kva oppgåver kommunen skal ta på seg.
Det er lite att av miljøoffensiven frå 90-talet, men Lerum arbeider for å redusere utsleppet av klimagassar gjennom god arealplanlegging – for stutte reisevegar. Det er eit mål for kommunen å halde tettstaden Fjøra samla når det gjeld butikkar og andre servicetilbod, skuler, bustader og verksemder.
– Sogndal er og skal vere eit regionalsentrum. Vi er forplikta til å yte tenester og ha tilbod i tettstaden, understrekar planleggjaren. Ein finn om lag 70 forretningar i Fjøra, og mange kjem til tettstaden og spør etter tenester.
Fjøra er enno godt samla. Men det kom eit stort kjøpesenter i 1998, Sogningen Storsenter. Det var kan hende ikkje så bra, men det vart i det minste bygd midt i sentrum og har fått stor parkeringskjellar. Samstundes har kommunen høge parkeringsavgifter i sentrum for å avgrense den lokale trafikken.
Den tyske matvarekjeden Lidl ville kjøpe tomt utanfor Fjøra og byggje eit flatt varehus med stor parkeringsplass ved stranda, men Lerum, rådmannen og politikarane sa nei til å omregulere tomta. Prosjektet var i strid med arealplanane til kommunen.
– Vi stiller krav om høg utnytting i sentrum. Grunneigarane får det ikkje som dei vil, seier Lerum. – Kommunen vil at stengde butikkar kan gjerast om til bustader, og politikarane ser positivt på fortettingstiltak. Det er lett å argumentere for gode arealplanar da god energibruk er i samsvar med sunn fornuft.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore i Fjøra, men skal snart flytte inn i nye, meir samla lokale ved Fosshaugane stadion nokre få minutt frå sentrum. (Det er dei som meiner at stadion er sentrum i bygda.) Alle har hørt om fotballaget frå Sogndal, og idretten er viktig. Den vidaregåande skulen har idrettsline og høgskulen har idrettsfag. Det nye anlegget på Fosshaugane skal vere til sambruk. Men kva skjer med dei tomme skulelokala? Og blir studentane borte frå det gamle sentrum?
I skråningane opp frå Fjøra klatrar bustadene nær sagt oppå kvarandre. Her har marknaden kome arealplanlegginga til hjelp, forklarer Lerum. Det er trongt om plassen i Fjøra, det kan alle sjå, og tomteprisane er høge.
«Gaor da, so gaor da!»
Kommunen har i dag om lag 6800 fastbuande og 2000 studentar. Høgskulen i Sogn og Fjordane er den største arbeidsplassen i bygda. Landbruk og vidareforedling av landbruksprodukt er ein viktig næringsveg i Sogn, og Lerum Fabrikkar AS – med ein direktør i fjern slekt med Arne Lerum – produserer saft i Kaupanger og syltetøy i Fjøra og har om lag 200 tilsette. Spekematprodusenten Gilde er òg ein viktig arbeidsplass på staden. Sogndal er den einaste vekstkommunen i Indre Sogn, og veksten er i tenesteytande næringar, utdanning og turisme.
Kommunen har vore liberal når det gjeld krav til utforming av bygg for å trekkje verksemd til tettstaden. Fjøra ser ut som Murmansk, er det blitt sagt. Det er nok ei overdriving, men eg hadde tid til å rusle litt ikring og har knapt sett ein meir brokete tettstad i plan og detaljar. Eg spurde meg jamt om eg var i ei gate eller på ein plass. To hus kunne lage eit mønster saman, men ikkje tre. Eg fann ikkje ein einaste gatefasade utan motseiingar. Kva plan skulle ein byggje vidare på?
Eg spør Lerum om ikkje byggjesakshandsaminga i kommunen har vore slepphendt. Han peikar på at planane og ideologiane har endra seg mykje frå 1950-talet og fram til i dag, og at mange prosjekt har stansa på halvvegen. Det viktigaste for kommunen har vore å trekkje veksemd til staden, og elles har sogningen fått vere seg sjølv: «Gaor da, so gaor da!» Dei har ikkje nokon kultur for stram disiplin mellom dei tronge fjell og fjordar, og når politikarane seier at ein skal ta utgangspunkt i «stedegen byggeskikk», ser Lerum ein annan veg og tenkjer sitt. Den lokale byggjeskikken i Fjøra tyder rot, mangel på heilskapstenking, fråvere av standardar for fortau og liknande, ei lang rekke improvisasjonar, det erkjenner han.
Eg spør om ein grunnmur eg fann midt i sentrum, på tvers av alt anna. Korleis kan ein tilrå slik bygging? Lerum seier at det er ein garasjemur, og at han skal vekk! Politikarane har no stoppa prosjektet. Kampsaka blei vunne med berre ei stemme i overvekt: 5–4. Det skulle ha vore på Fosshaugane.
I staden vil kommunen byggje ein sentralpark og gjere Fjøra meir triveleg som bustadområde. Parken skal knytte det gamle og det nye sentrum med kjøpesenteret saman. Lerum viser til gode erfaringar frå andre stader med at når noko blir finare, må andre følgje på for ikkje å skilje seg negativt ut. Den høge standarden legg ei sterk kollektiv føring. Sentralparken blir ei hovudoppgåve for kommunen framover.



