Nyheter

På leiar-leit i OAF og BAF

Oslo Arkitektforening har vore på leiting etter ny leiar i lengre tid, og står no føre ei løysing, medan ein i Bergens Arkitektforening startar leitinga.

Leiarar treng erstattarar, OAFs Ellen Haukås (foto: Jan Carlsen) og BAFs Morten Ramm Salbu (foto: privat).

OAF er den største arkitektforeininga i landet, med 1700 medlemmar, og burde ikkje vere i beit for gode leiaremne til ei halv betalt stilling, men ein kom ikkje å mål med å finne arvingen til Ellen Haukås til generalforsamlinga 30. mai.

 

– Ikkje lett å kombinere

– Folk har lyst, men dei har ikkje tid. Ei halv stilling er ikkje lett å kombinere med ei anna halv stilling, seier avtroppande leiar Haukås. Perioden hennar går ut 1. juli.

 

I utlysinga av stillinga som ny OAF-leiar blir det peika på utfordringar som å følgje byutviklings- og bygningspolitikken i Oslo, den moglege avhendinga og relokaliseringa av Arkitektenes Hus, og Triennalen 2013. Tilsetjinga er for eit år, fram til neste sommar, men har ein først fått ein fot innanfor, ligg ein godt an til å bli litt lenger.

 

– Det er berre å melde seg, seier Haukås. 

 

OAF-leiaren lurer på om arkitektane trur at dei må vente på å bli spurte av valkomiteen, men slik er det ikkje. Ein kan og må gjerne søkje stillinga sjølv, men innstillinga til ny leiar treng å bli godkjent av ei generalforsamling. Valkomiteen skal sikre det opne spelet utan å ekskludere nokon.

 

Heldigvis har det no meldt seg ein kvalifisert kandidat til leiarvervet, og ein har fått tips om fleire andre, men stillinga er enno ikkje oppteken.

 

– Jobben er veldig spennande, og det er berre å melde seg, oppfordrar Haukås. 

 

Kva skjer i Bergen?

I fire år har Morten Ramm Salbu vore ein drivande leiar i Bergens Arkitektforening, men no har meldt at han ikkje tek attval. Da gjeld det no å finne ein annan brennande sjel for arkitekturens og arkitektanes sak.

 

Det står att å sjå om bergensarane treng meir tid enn osloensarane.