Nyheter

Oslo i verdsklasse som designby

Designmagasinet Wallpaper rangerte Oslo som ein av dei fem beste byane da Design Awards 2011 vart fordelte. Johannesburg vann prisen.


Oslo er ein designby, slår det verdskjente livsstilsmagasinet Wallpaper fast. Foto: wallpaper.com

– Oslo har omsider kome seg ut av skuggen frå dei gjæve naboane Stockholm, København og Helsinki, slår Wallpaper fast i grunngjevinga si, etter å ha sett den norske hovudstaden i verdstoppen som designby, nominert til «Best City» saman med Chicago, Hong Kong, Rio de Janeiro og Johannesburg.

 

Operaen er berre det første stadiet i omdanninga av sjøfronten til Fjordbyen, skriv bladet, og viser til Astup-Fearnley-museet for moderne kunst, som skal kome på Tjuvholmen etter teikningar av Renzo Piano, og til gentrifiseringa av Grünerløkka til eit heitt distrikt for uteliv.

 

Den handterlege storleiken på byen, som ligg mellom fjorden og «ein nasjonalpark», som det står, er enda eit føremon. Byens økologiske visjon gjer han til ein av dei mest miljøvenlege hovudstader i verda.

 

Oslo har dessutan den nye Holmenkollbakken, eit ikon, og skal få nytt Deichman-bibliotek, Munch-museum og sentralstasjon, og attpå til ligg skulpturen til Monica Bonvicini, «She Lies», og flyt i sjøen utanfor operaen.

 

Les meir om Wallpaper sin Design Awards 2011