Oslo-baserte arkitektar vann i LA
Med prosjektet «Umbrella» vil Constantin Boincean, Ralph Bertram og Aleksandra Danielak stimulere til ei berekraftig utvikling av den amerikanske storbyen Los Angeles.

Idékonkurransen «LA Cleantech Corridor and Green District competition» vart arrangert av The Southern California Institute of Architecture og Architect’s Newspaper i samarbeid med Office of the Mayor of Los Angeles. 70 deltakarar frå elleve land tevla om ein premiepott på 10 000 amerikanske dollar.
Constantin Boincean, Ralph Bertram og Aleksandra Danielak vann klassa for profesjonelle og 5000 dollar med forslaget «Umbrella». Der skisserar dei ein punktstrategi for byfornying som skal stimulere til alternativ bruk av den eksisterande infrastrukturen.
Prosjektet tolkar og endrar rutemønsteret i byen til eit grønare og meir attraktivt offentleg område med soppliknande strukturar drivne av solkraft, kalla «evaporators», som samlar røranlegget i byen og reinsar det «svarte» vatnet frå blokkene før det sendes rundt i gatene gjennom fordamping og kondensering. Dette vil endre dei konvensjonelle gatene til eit nettverk av frodige, dyrka landskap, der bilen vonleg blir redusert til eit sekundært transportmiddel.
Jurymedlem Stan Allen, dekan ved School of Architecture i Princeton University, ser i prosjektet «eit forstørra funksjonelt gatemøbel» og kallar det «eit høgt minneverdig bilete».
