OSKAR HANSEN-SYMPOSIUM 2005 PÅ BAS
«Subjektet før objektet, mennesket før tingen.» (I Arkitektnytt 06/05 refererte Oslo-arkitekten Jan Carlsen at ting er lik arkitektur. Det er feil. Her ein grunn i seg sjølv å skriva eit innlegg.) Hovudgrunnen er likevel å annonsera det 5. Oskar Hansen-symposiet ved BAS.
Opplysninger: tlf. 55 36 38 91, eller 55 36 38 80 eller e-post
Satsen «subjektet før objektet» er sentral i ideologien til Open Form. «På leit etter open form» er neste sentrale sats og tittelen på artikkelen til Oskar Hansen i Arkitektnytt 1963. Mange arkitektar har vore på leiting sidan, inkludert Lund og Slaatto som annonserte det offentleg i høve sine prosjekt på 60- og 70-talet. Ikkje mindre, leitinga tok til før, då den fyrste etterkrigsgenersjonen, med m.a. Reima Pietälä, tok internasjonalt oppgjer med CIAM.
Det resulterte i konferansen Team X i Otterlo 1959, som alternativ til CIAM. Tema for konferansen var OPEN FORM. Arkitektane Oskar og Zofia Hansen var med, og Aldo van Eyck og Giancarlo di Carlo mellom mange seinare internasjonalt kjende. Oskar er opphaveleg frå Vilnius (polske Wilno), Zofia frå Poznan, van Eyck frå Amsterdam og di Carlo frå Milano. Vår professor, arkitekt Arne Korsmo frå NTH, var der òg. Nokre år seinare fekk Korsmo Oskar Hansen til arkitektavdelinga, i 1963, og slik i Arkitektnytt. Oskar Hansen viste oss arbeida sine frå utstillinga i Otterlo, som var grunnen til Korsmo sin invitasjon. Oskar Hansen viste ein samanheng i arbeida sine, frå eksilet i den sjølvpålagde husarresten då han slapp unna dommen om forvising til Stalins Sibir, til arkitektarbeida han og kona Zofia gjorde etter den polske våren 1956. Og han viste oss programmet og studentarbeid frå lærestolen sin ved Kunstakademiet i Warszawa (ASP). (Sjå Byggekunst 3/70 og boka mi «Hus og Miljø», Samlaget 1991.)
OSKAR HANSEN-SYMPOSIUM 2005 er eit av stega i denne leitinga. Denne gong vil me ta musikken til hjelp. BAS inviterar folk frå dette feltet og alle andre interesserte til å høyra på og delta.
Open Form gjeld subjektet, individet, og ei nyformulert problemstilling, eit høve mellom hendingar og handlingar, på ein bakgrunn som gjer subjektet sitt uttrykk synleg og fatteleg.
Open Form er ikkje ein definisjon, men eit uttrykk, og vilkår for andre, som arkitekten kan laga.
Me spør denne gongen korleis musikaren, komponisten, søkjer dette i praksis. Arne Nordheim, frå Larvik, tok til på same tid som Team X-arkitektane, og har eit livsverk bak seg. Han brukte Polsk Radio sitt lyd-laboratorium i Warszawa, leia av produsenten Patkowski. Oskar Hansen hadde teikna laboratoriet som Open Form, som vilkår for musikaren å kunna søkja nye uttrykk. Vel ein generasjon arkitektar og musikarar har arbeidd målretta med dette, fram til i dag.
Fyrste Open Form-symposiet vart halde ved BAS i 2001 i høve Oskar Hansen sin 80-årsdag. Emnet var «mottrekk mot arkitekturen som maktuttrykket». I vår tid har arkitektur vore brukt som eineveldig maktuttrykk frå barokken og opp til no. Ei inspirererande formulering om dette høyrte eg på NRK P2 (6/7–97), der musikkmeldaren Erling Sandmo, frå Bergen, stilte spørsmålet: «kva mottrekk mot barokkmusikk gjorde den sjølvstendige komponisten?» Sandmo gav og svaret: «polyfonien».
Slik har me ein samanheng frå 1. Oskar Hansen-symposiet til årets, nr. 5: «open form og struktur i samtidsmusikken».
PROGRAMMET
Musikaren Nils Økland, hardingfele, vil snakka om, og spela, musikken han lagar i samtidsmøte med musikarar på det europeiske kontinentet, jmfr. siste CD’en hans. Programmedarbeidar i NRK P2, Ragnhild Veire Berg, vil visa oss «samanheng og det nyskapande i musikken», og biletkunstnaren May Bente Bonnevie «frå objekt til subjekt». Vidare: Arkitektlærar ved Chalmers, Catharina Dyrssen: ««det goda rummet» og attende til musikken», filosofilærar ved UiB og BAS, Bjørn Holgernes, Doris Thut, arkitektlærar i München, og Arild Wåge, arkitektlærar ved BAS, om sine arbeid. Det særskilte innslaget frå BAS si undervising er i år frå den internasjonale workshop’en i Istanbul. Siste dag er dei praktiserande BAS-arkitektane sin dag, med utnemning av årets BAS-arkitekt. Og som på kvart Open Form-symposium: Warszawa-spel kvar dag.
SUBJEKTET FØR OBJEKTET
Warszawa-spelet er eit spel med mange deltakarar som lagar ei samansett form gjennom fleire rundar. Ein spelar «lukka form» og parallelt «open form». Det gjeld å vinna individuelt. I «lukka form» vinn du når du dominerar over dei andre. Då er du best. I «open form» skal du invitera dei andre med di form. Du vinn når du gjer den neste til den beste.
ÅRETS ARKITEKT
I fjor vart sivilarkitekt Gisle Nataas utnemnt, m.a. med 1. premie (delt) for Fisketorget i Bergen, no etterkvart i klasse med BAS-arkitektane i 3RW, siste vinnar av Bergen sentrum (sjå Arkitektnytt 06/05), Code (Oslo), vinnarprosjekt på Lillestrøm, på Nesodden m.m., og Lasse Brøgger og Anne Stine Reine, Oslo, internasjonal 1. premie om fredsparken på Gallipoli, Tyrkia.
I år? Møt opp og sjå. Velkomne.