Nyheter
Oskar Hansen er gått bort
Å sjå arkitekturen på ny, for vår tid, for eit demokratisk samfunn, og for eit humant syn på menneska si rolle. Det gjeld subjektet før objektet, å gje plass til individet i det offentlege rommet. Det gjeld bakgrunn og handling, arkitektur for deltaking.
7. juni 2005
Han gav oss nye arkitektoniske konsept og nye romfysiske samfunnsformer. Dei realiserte arbeida som han gjorde saman med kona Zofia, står som konkrete vitnemål på det han var, det han såg, og det han gjorde.
Bakgrunn og handling
Oskar Hansen var arkitekt og biletkunstnar, filosof og ideolog. Han døydde 11. mai, 83 år gamal, men arbeidde heilt til det siste. Ein monografi over alle arbeida hans er ferdiggjort til prenting. På arbeidsbordet ved sida av senga hans ligg det aller siste arbeidet, ferdige planar til ei oppsummerande utstilling, invitert av hovudgalleriet i Warszawa, Zachenta (utt. zahenta), – ei romleg arkitektonisk vising av ideane og visjonane hans. Det vert installasjonar, bilete og plansjar gjennom heile galleriet, og med ein romleg bakgrunn for å spela Open Form i fyrste storsal. Importert til Noreg kallar me det «Warszawa-spelet». Du deltar som individ på ein arkitektonisk bakgrunn, som inviterar deg til personleg uttrykk i målestokk 1:1. For å fatta kva Open Form gjeld, må du ta del sjølv.
Utstillinga vert no hans kunstnarlege testamente, hans framstilling av det ideologiske grunnlaget vårt, og hans refleksjonar over kultur og religion, – frå Leonardo da Vinci til eigne bilete. Innhaldet viser protest og debatt, kritikk og dialog, arv til ettertanke. Utstillinga opnar etter planen 2. veka i september. I det siste året viste han to andre utstillingar i Warszawa, i vår: «Draumen om Warszawa», i Galleri Fondet Foksal, ein installasjon for visuell dialog med det dominerande og undertrykkjande kulturpalasset frå Stalintida, og i fjor: «Open Form – bakgrunn og handling» i Kunstnarforbundet sitt Nasjonale Galleri, ein stor romleg installasjon til å vandra i, som viste utsnitt og fokuseringar av publikum individuelt, deira rørsler og handlingar.
Profesjonelt aktiv til det siste, før sjukdommen tok heilt over.
Bakgrunn 1: Oskar Hansen sin familie
Gravferda var 20. mai, på den evangelisk-augsburgske gravplassen i Warszawa, ved den norskætta familien. Hansen si fellesgrav, altså luthersk, protestantisk, ikkje katolsk. Grava er ein minnestad fyllt med legendeliknande biografiar, frå bestefaren, Appelsin-Hansen, frå Christiania (kjent og som sirkusdirektør og diamanthandlar, og opphavet til fondet Herman og Martina Hansen Hospital/ Sunnås sjukehus).
Som bestefar slik òg far, eldstebror og alle yngre brør, og no Oskar, boksar, biletkunstnar, arkitekt, og under krigen partisan i heimefronten i den polsk-litauiske byen Wilno. Kollega og medpartisan mot den tyske okkupasjonen bar fram helsing og minneord ved grava. Likeeins fekk me høyra minneord som ein revy over Oskar sine livsbolkar etter krigen, frå praktiserande arkitektar i Polen, frå Kunstakademiet i Warszawa, og frå BAS. Den norske tilknytinga kom òg fram gjennom ein sakte marsj frå Sogn, då det store gravfylgjet vart spelt fram frå porten til grava av ein norsk spelemann med ein slått på hardingfele. Kransen frå BAS vart òg ei helsing frå forfedrelandet.
Bakgrunn 2 – internasjonal og tilknyting til Noreg
Den norske tilknytinga var fyrst og fremst gjennom Sverre Fehn (slik vart eg sjølv kjent med Fehn), og gjennom professor Korsmo, kontakt frå Otterlo ‘59. Han inviterte til NTH, og slik til Arkitektnytt ‘63. Alle norske arkitektar vart hermed kjent med Open Form, som hovudtema på TeamX-konferansen i Otterlo, og som Oskar sin arkitekturideologi. Mange norske, og ein heil generasjon europeiske radikale arkitektar, erklærte seg som tilhengjarar av denne nye tenkinga. Synleg både her i landet og på kontinentet vart det fyrst som samanfallande med strukturalismen. Seinare førte påverknaden til friare og meir kunstnarlege uttrykk, for subjektet sin identitet i staden for teknologiske uttrykk. Førelesinga og utstillinga til Oskar Hansen på NTH opna for ein nærare kontakt med Open Form, for studie hjå Oskar Hansen sjølv. Med statens utvekslingsstipend til Polen reiste underteikna og fleire norske arkitektar og studentar til kunstakademiet i Warszawa, der han var professor på skulpturavdelinga. Slik fann BAS sitt grunnlag, som eit alternativt arkitektstudium, – den uavhengige, norske arkitekthøgskulen i Bergen.
Bakgrunn 3: frå student til internasjonal aktør
Statsstipendiat i Paris, på tidleg 50-tal, på arkitektkontoret Pierre Jeanneret, i atelieret Fernand Leger, i internasjonal tevling i London for unge arkitektar (vinnar), på CIAM-
kongressar, reformmøte med dei unge radikale mot CIAM, avviklinga av CIAM (Corbusier og Giedion gjekk), oppretting av Team X (ten), som organiserte Open Form-konferansen i Otterlo 1959, der Oskar sto fram med formulert pamflett: «Open Form, eit hjelpemiddel for å rå med det store talet (le grand nombre)», og viste eigne arbeid, «crossover art» og arkitektprosjekta som han og Zofia alt hadde realisert.
Handling 1 – arkitekten og kunstnaren, i arrest og fri
Stalins undertrykkande bolk mellom Paris og «den polske våren» ‘56, i husarrest, der han vidareførte og utvikla sine konsept slik me kjenner dei i dag. Før arrestasjonen: bygging av utstillingspaviljongane i Sao Paulo og Izmir, og etter «den polske våren ‘56»: realisering av Open Form gjennom bustadblokkene Rakowiec, Warszawa, Venezia-biennalen, Otterlo-konferansen, dei påfylgjande ikkje-realiserte prosjekta: ombygging galleriet Zahenta (konseptet for det seinare Pompidousentret), lydstudio for elektronisk musikk (realisert), dobbelkrumme former for lydperformance, ei rekkje prosjekt for musé og ein botanisk hage, – og det mest kjente: vinnarprosjektet «Monumentvegen» for å visa og minnast dei drepne i konsentrasjonsleiren Auschwitz Birkenau.
Dei realiserte prosjekta er store: bustadgrendene Slowackiego i Lublin, Przyciolek Grochowski i Warszawa, og PREVI, FN-prosjektet i Lima, Oeru, – fleirtalform og leseleggjering, sonedeling tenande tent, heilskapt byorganisering og indre sosiale soner. På bakgrunn av desse prosjekta kom det store utviklings- og forskingsprosjektet KLS – det lineære, kontinuerlege system, eit nytt konsept for byutforming for det polske slettelandet, frå Tatrafjell til Austersjø, med mange lokale delprosjekt. (Sjå Byggekunst 03/70.) Til sist prosjekterte og bygde han saman med Zofia huset sitt på landet ved elva Bog. Alt er presentert i boka som no kjem.
Handling 2 – pedagogen
Oskar døydde den 11. mai, nokre timar før me opna det årlege Oskar Hansen-symposiet på BAS, etter eit heilt liv som lærar, ved ASP (kunstakademiet i Warszawa), på BAS, og på dei føregåande 6 Open Form-symposia. Det 6. og siste OF-symposiet før BAS, var på Kystmuseet i Florø 1985, med internasjonale arkitektar i samling om Oskar. Året etter vart BAS starta opp. Dette vert no OH til minne, og ei vidareføring av Open Form nasjonalt og internasjonalt.
Ideologien – open form mot lukka form
Han tenkte seg ein keisarstol for kvar innbyggar (i Poezia, polsk poesitidskrift), var sosialistisk idealist, og protestant i tanke og praksis. Han ville reformera og reinsa tanken om det arkitektoniske uttrykket, mot overmakt og maktuttrykk. Gjennom Open Form ville han at arkitekturen skulle invitera subjektet, til å verta sett og få identitet. Han var modernist, men med alternativ til den industrielle modernismen og det sosialistiske massekonseptet.
Arven
Ved å ta fram menneskerettane på ny får me fram arven frå kollega Oskar Hansen. Slik vil me minnast han. Fred over minnet hans, – og la oss føra vidare kampen for ein human arkitektur.

Oskar Hansen førebur si siste utstilling, som opnar i Zachenta september 2005. Fotos: Wanda Hansen.

Oskar Hansen som Don Oskar, fritt etter Cervantes sin roman.