Opning av nettportalen Bygg og Bevar
– Hensikta med Bygg og Bevar er å kople saman enkeltpersonar, institusjonar, fagmiljø og alle som ønskjer å ta vare på bygningar, sa miljøvernminister Erik Solheim da han opna den nye nettstaden.
Det står tunge aktørar bak opprettinga: Miljøverndepartementet og Byggenæringens Landsforening (BNL) dreg i hop på ein måte ein ikkje har sett før. Den formelle opninga av nettstaden fann nyleg stad i Oslos Mangelsgården, som no er under full rehabilitering i regi av kommunen.
Miljøminister Solheim peika i tala si på at handverksfag er trua, at få i dag har kunnskapen som ein treng i bevaringsarbeidet. Det er difor viktig at desse får oppdrag, slik at dei held dugleiken ved like og kan lære opp andre i faga. Ved å vere ein samlande møtestad skal portalen bidra til at kompetanse og handverkstradisjonar ikkje blir borte.
Ketil Lyng, administrerande direktør i BNL, sa at tiltaket var mykje viktig, både for samfunnet, dei som lever i samfunnet, og byggenæringa. BNL vil gjere sitt til at det blir eit godt prosjekt, sa han. BNL vil ta vare på fortida og gjennom det styrke sitt eige omdømme for å sikre framtidig rekruttering til næringa.
Nettportalen Bygg og Bevar rettar seg mot privatpersonar og profesjonelle aktørar og skal gi hjelp til alle som vil gå i gang med prosjekt, og til dei som måtte ha kompetanse og kan levere varer og tenester.
Portalen er strukturert i seks område – å pusse opp eit gammalt hus, enøk i eldre bygningar, byggeskikk og arkitektur i Noreg, korleis bli ein god tingar, regelverk og veiledningar, næringsutvikling og kompetanse. Den beste måten å bli kjent med nettportalen Bygg og Bevar er likevel utan tvil sjølv å gå inn på www.byggogbevar.no og ta seg ein titt.