Nyheter

Ole Fredrik Stoveland slått til riddar

Sivilarkitekt MNAL Ole Fredrik Stoveland vart 8. mars utnemnt til riddar av første klasse av St. Olavs Orden. Seremonien gjekk føre seg i Det Norske Teatret.

Ole Fredrik Stoveland blir dekorert av kansellisjef Anders Flågen, før han tek imot gratulasjonar frå gjestane. Foto: Olav Ødegården

Staden var ikkje vilkårleg valt. 4B Arkitekter, arkitektkontoret til den nyslåtte riddaren, står bak utforminga av bygget. Ein brukte ikkje hovudscena, men andreetasjen til foajeen var ei høveleg ramme ikring heidringa av Stoveland sin innsats for arkitekturen.

 

Frå teater til teater

 

– Ole Fredrik Bruskeland Stoveland har gjort ein innsats som arkitekt innanfor både planlegging, bygging og restaurering, poengterte kong Haralds mann på staden, kansellisjef Anders Flågen, og greidde ut om Stovelands karriere.

 

Den heidra arkitekten tok diplom på teaterbygg ved NTH i 1965. Han og Åsmund Skard vann tre år etter konkurransen om Ibsenhuset i Skien. Det førte til at 4B Arkitekter vart oppretta, og til at Ibsenhuset stod ferdig i 1973.

 

4B Arkitekter teikna Det Norske Teatret på 1980-talet, Trøndelag teater på 1990-talet, vart alt i 1983 heidra med Houens Fonds diplom for Kristiansand Folkebibliotek, og tek no hand om restaureringa av Eidsvoll-bygningen.

 

Arkitekturmuseets ven

 

Stoveland har vore dagleg leiar av 4B Arkitekter frå 1970 og hatt mange tillitsverv. Han er leiar for venneforeininga til arkitekturmuseet og har gjort ein stor innsats for museet gjennom meir enn fire tiår.

 

Etter at kansellisjefen hadde festa ordensteiknet på arkitektens venstre jakkebryst, takka riddaren kongen og andre i ei rørt takketale.

 

Den Kongelege St. Olavs Orden vart innstifta i 1847 av kong Oscar 1. Ordensteiknet, eit malteserkors i kvitemaljert gull i raudt band med blå og kvite kantar, gis for «utmerkede fortjenester for fedrelandet og menneskeheten».