Nyheter

Olavsrosa for Viksjø-transformasjon

Restaureringa av eit industrihistorisk bygg på Økern heidra av Norsk Kulturarv.

Frå overrekkinga av Olavsrosa fredag 16. mars, frå venstre styreleiar i Norsk Kulturarv Ivar Odnes, riksantikvar Jørn Holme, hotellsjef Tina Olsen, konsernsjef i OBOS Martin Mæland, administrerande direktør i Aspelin Ramm Peter Groth og fagrådsleiar i Norsk Kulturarv Jens Peter Ringstad. Foto: Espen Glee
Trappeinteriør frå hotellet signert Erling Viksjø. Foto: Espen  Glee
Trappeinteriør frå hotellet signert Erling Viksjø. Foto: Espen Glee

No har også austkanten av Oslo fått sitt ny-moderne Viksjø-bygg, det heidra Quality Hotel 33 i Østre Aker vei 33, som etter fornying og omfunksjonering star fram som eit levande døme på norsk etterkrigsmodernisme, og som eit bidrag til byutviklinga i området ved foten av Groruddalen.

 

Erling Viksjø er kjent for å ha teikna rådhuset i Bergen og – ikkje minst – den sprengde regjeringshøgblokka i sentrum av Oslo. Ikkje like mange veit at han har teikna Elkem-bygget på Majorstua, no hovudkontor for NHO, eller Hydro-bygget på Frogner, begge restaurerte til ny bruk.

 

Eller det som no er Quality Hotel 33 på Økern i Oslo, som i det førre århundret var administrasjonsbygget til Standard Telefon og Kabelfabrik A/S, eigd av det internasjonale telekommunikasjonsselskapet ITT, seinare av Alcatel, og som var ein av dei største arbeidsplassane i hovudstaden.

 

Bygget på Økern, som er i naturbetong, vart bygd i 1968. Dagens eigarar, OBOS og Aspelin Ramm, starta den påskjønna transformeringa til moderne «funkishotell», med 242 gjesterom og konferanselokale for nær tusen personar, i 2007. Arkitekt for rehabiliteringa har vore Mellbye Arkitekter AS ved Ajas Mellbye, interiørarkitekt Lars Helling Arkitekter AS.

 

Olavsrosa er eit kvalitetsmerke, eit fyrtårn i virket til Norsk Kulturarv, som er ein stiftelse som arbeider for at norske kulturminne skal vere ein levande del av norsk historie, under mottoet «Vern gjennom bruk».