Nye Tonstad skule
Filter arkitekter AS og Sivilarkitekt MNAL Richard Engelbrektson vann den avgrensa plan- og designkonkurransen om ny grunnskule i Sirdal kommune.
Sirdal kommune strekk seg frå Sirdalsvatnet opp mot Sirdalsheiene, i nordspissen av Vest-Agder fylke. Tonstad er administrasjonssentret, og Tonstad skule er den største av dei to grunnskulane i kommunen, som har berre om lag 1750 innbyggjarar.
Fem lag deltok i tevlinga om skulebygget – forutan vinnarane, Studio Ludo AS, HRTB AS, Aart AS og Link signatur AS.
Vinnarutkastet ”REform” viser eit anlegg organisert omkring eit sentralrom (allrom) knytta til hovudinngangen frå nord, kantina og biblioteket. Allrommet kan opnast mot gymsalen frå den gamle skulen, som ein tek vare på.
Skulen er forma som ein rektangulær, kompakt bygningskropp med to interne kommunikasjonsliner – eit ”klart organisasjonsprinsipp”, seier juryen.
Alle elevbasar med grupperom, SFO og administrasjon ligg i første etasje, medan verkstader, spesialrom, arbeidsplassar for lærarane, personalrom og SMOK ligg i andre. Den kompakte formen gir korte kommunikasjonsliner, og bygget blir lett å orientere seg i. Utkastet er det ”mest arealøkonomiske av samtlige konkurransebidrag”, seier juryen og gjer framlegg om at basane for barn og unge blir skilde, i tråd med programmet, ved at ein flyttar 8–10 klassetrinn opp i andre etasje, og arbeidsplassane for lærarane og personalrom ned i første.
Arkitektonisk vuerdert har ”REform” eit ”relativt tradisjonelt uttrykk med vekt på horisontale linjer og rette vinkler”. Juryen meiner at dette høver til det eksisterande badeanlegg og miljø. Skulen blir eit ”moderne bygg med klar form og åpen og luftig karakter”. Material- og fargebruk ”gir grunnlag for å skape et variert og vakkert inntrykk”.
Framlegget med hybrid ventilasjon finn juryen interessant, men meiner at det treng meir utgreiing. Bruken av glassveggar i elevbasane gir eit luftig preg, men er problematisk når det gjeld innsyn og akustikk. Allrommet har òg ein del manglar. Dei minste elevane får uteareal mot nord – heller ikkje optimalt. Men dette er ting ein kan gjere noko med, og alt i alt kom ”REform” best ut av tevlinga med sin ”kompakte form, gode planløsing og vakre arkitektur”, konkluderer juryen.
For Filter arkitekter AS teikna siv.ark. MNAL Knut Brandsberg-Dahl og sivilarkitektene Per Olav Pedersen og Thomas Lærdal. For Sivilarkitekt MNAL Richard Engelbrektson teikna av arkitekten med dette namnet.
I juryen sat sivilarkitektane MNAL Ivar Ole Iversen og Randi Guri Jessen saman med fire andre, der ordførar Thor Jørgen Tjørholm var leiar.