Nye professorar ved BAS
I det akademiske året 2004-05 har Bergen Arkitektskole utnemnt fem nye professorar, heiter det i ei pressemelding frå BAS.
Desse er:
– sivilarkitekt MNAL Arild Wåge, Førde, til professor i fagområdet ”arkitektur, prosjektering og planlegging” (APP), på bakgrunn av eigen arkitektpraksis og undervising ved BAS
– byggkonsulent Lars Bylund, Stockholm, professor i fagområdet ”teknikk, teknologi, økonomi og administrasjon” (TTA) med særskilt ansvar for undervisning i bruk av dagslys, solenergi og bærekraftig energiforvaltning i bygg og anlegg
– bilet- og performancekunstnar Kurt Johannessen, Bergen
– biletkunstnar Kalle Grude, Oslo, til professorar i fagområdet ”den andre verda” (DAV), utvikling og oppøving av individuell personlegdom gjennom kunstuttrykk
– mag.art. Nils Georg Brekke, Os ved Bergen, til professor i fagområdet KTF, kompletterande teoretiske fag, men særskilt ansvar for bygningshistorie og historia om kulturlandskapet
Evalueringa av kompetansen til dei fire fyrstnemnde er gjort av ein nasjonal nemnd med prof. Bengt Espen Knutsen og prof. Kristoffer Apeland, AHO, prof. Sven Erik Svendsen, NTNU, prof. Jan Brockmann, Humboltuniversitetet (tidl.direktør ved museet for Samtidskunst, Oslo og professor ved NTH). Representant frå privatpraktiserande arkitektar var denne gong sivilarkitekt MNAL John Kristoffersen, Tromsø.
Denne nemnda, opphaveleg utpeika av Universitetet i Bergen som administrerte den fyrste professorkvalifiseringa 2 år etter at BAS vart oppstarta, har med unnatak av rullerande skifte av 2 personar vore den same, og har med desse fire siste gitt professorkompetanse til ti BAS-professorar.
Professor Nils Georg Brekke fekk sin prof.kompetanse ved Høgskolen i Telemark og har bygt opp faget bygningshistorie ved BAS sidan starten i 1986.
Dei nye professorane er utnemnde ut frå sine personlege kvalifikasjonar. Deira arbeid er for å utvikla og styrka BAS sitt alternative undervisnings- og forskingsprogram.