Nyheter

Ny skule i vest

Slyngstad Aamlid Arkitekter AS vann prosjektkonkurransen for den nye ungdomsskulen i Ulsteinvik.


Ulstein ungdomsskule brukar terrengfallet på tomta på ein god måte.(Modell: Arkitekten.)
Kommunen inviterte fem arkitektkontor til å tevle om Ulstein ungdomsskule hausten 2005. Det var Slyngstad Aamlid Arkitekter AS, Harald Hjelle Arkitekter AS, VIS-A-VIS sivilarkitekter MNAL, Askim/Lantto arkitekter AS og Fortunen AS i samarbeid med Magne Bergseth.

Utkastet «Speil» av Ålesund-kontoret Slyngstad Aamlid Arkitekter baud på det beste svaret, fann juryen, med sikker presentasjon, god tomteanalyse og den beste terrengtilpassinga, situasjonsplanen og organiseringa av skulen. Juryen var samd i framlegget om å rive heile den gamle skulen, for å få det maksimale ut av potensialet til tomta, og meiner at situasjonsplanen på ein god måte formidlar mellom nord og sør på tomta, det øvre og det nedre planet.

Skulen er organisert over to plan med hovudinngangen i andre etasje. Derifrå er vegen stutt ned i allrommet, og vidare inn til basane og arbeidsplasssane på grunnplanet. Juryen meiner at denne løysinga er mykje god.

Utkastet «Speil» hadde ein høg standard på konseptet og var klart best av dei fem løysingane, konkluderte juryen, som trur at ein «ved forenkling av enkelte volum» kan auke kvaliteten i prosjektet enda eit hakk.

Harald Hjelle Arkitekter AS og VIS-A-VIS sivilarkitekteer MNAL delte andreplassen i tevlinga, medan eitt lag ikkje svarte på heile oppgåva.

Prosjektansvarleg på vinnarlaget var arkitekt MNAL Ivar Aamlid, og medarbeidarar var arkitekt MNAL Ana Maria Hoyos, arkitekt Andreas Henschel og arkitekt MAA Sten Aagard.

To arkitektar sat i seksmannsjuryen, og det var MNAL Ole Andreas Søvik (oppnemnt av NAL) og MNAL Sven Jerve i Jerve AS.