Ny pris til Idrettsparken
Idrettsparken boliger i Rena sentrum, teikna av LPO arkitekter og Arkitektkontoret Birger Håheim AS, har fått Forsvarsbyggs arkitekturpris 2011.
Dei nye bustadene på Rena for befal i Østerdal garnison vinn mykje merksemd. Bustadparken vart kåra til «Årets trebyggeri 2010», har fått «Innlandets trepris 2011», og no Forsvarsbyggs eigen arkitekturpris.
«Vi må ha arkitektur som skaper trivsel og gode arbeidsforhold for tusenvis av ansatte i Forsvaret,» sa Kathrine Raadim under prisoverrekkinga 28. november. Den politiske rådgivaren i Forsvarsdepartementet heldt fram: «Jeg er glad for at Forsvarsbygg legger stor vekt på arkitektoniske kvaliteter.»
Idrettsparken har seks hus på tre og fire etasjar. Det gir tjue tre-roms familie-bustader, som kvar og ein også kan fungere som fire einskildhyblar. Husa er bygd av prefabrikkerte element av massivtre, og prosjektkostnaden var 88 millionar kroner.
Bustadene har fått gode planløysingar. Dei sørvendte balkongane er attraktive, og fellesareala fungerer godt, meiner juryen, som også roser det arkitektoniske uttrykket, idé og konsept, og gjennomføringa i detaljane. Sivilarkitekt og AHO-rektor Karl Otto Ellefsen var leiar for juryen på fem mann.
Det var også tre andre kandidatar til prisen: skytebanene ved Ulven leir, embetsbustaden på Akershus festning og vaskehallen og forsyningspunktet i Setermoen leir.
Meir om prisen på Forsvarsbygg si nettside.