Nyheter

Ny innovasjonspark

Dark arkitekter og Arkitektpartner har vunne ein avgrensa prosjektkonkurranse om ein ny innovasjonspark i Oslo.


Slik er innovasjonssentret tenkt. Det er stipulert til om lag 40 000 kvadratmeter. Illustrasjon: Arkitekten

Arkitektane er dermed teke inn på laget som skal oppføre undervisnings-, forsknings- og innovasjonsparken på Ullern i Oslo.

 

Innovasjonsparken er eit prosjekt med funksjonsblanding og samarbeid mellom det offentlege og det private (OPS), og prosjektkonkurransen var ikkje heilt som dei vanlege NAL-godkjente tevlingane. Først difor nokre strekar om heile prosjektet.

 

Medveten krysning

Den nye innovasjonsparken vil få to hovudbrukarar, Oslo Cancer Cluster (OCC) og Ullern videregående skole.

 

Oslo Cancer Cluster, ei såkalla innovasjonsklyngje, har medlem frå legemiddelfirma, etablerte norske bedrifter på den internasjonale marknaden, oppstarts- og venturebedriftar, pasientorganisasjonar, FoU-institusjonar og helseføretak. OCC er vidare knytt til Oslo universitetssykehus, avdeling Radiumhospitalet, ifølgje Alv Skogstad Aamo i Dark arkitekter.

 

Samlokaliseringa mellom OCC og Ullern videregående skole er mykje medveten. Skulen skal få ei ny rolle som «et slags idrettsgymnas for de som vil videre innen bioteknologi og forskning», som lege Jan Vincents Johannessen har sagt det, mangeårig direktør ved Radiumhospitalet og forfattar av vitskaplege og populærvitskaplege bøker. Eit slikt opplegg finn ein ikke nokon annan stad i heile verda. «Ullern er en veldig god skole som nå skal bli enda bedre!»

 

Artikkelen fortsetter under bildet.

Interiørperspektiv frå vinnarutkastet til Dark arkitekter i samarbeid med Arkitektpartner. Illustrasjon: Arkitekten
Interiørperspektiv frå vinnarutkastet til Dark arkitekter i samarbeid med Arkitektpartner. Illustrasjon: Arkitekten

Gruppespelet

Ullern videregående skule høyrer til under utdanningsetaten i Oslo kommune, som er eigar av tomta til innovasjonsparken. OCC vil bygsle. Korkje Oslo kommune eller OCC vil investere i utbyggingsprosjektet, sjølv om OCC tidlegare har vore oppdragsgivar for – og investert i – utarbeiding av reguleringsplan og forprosjekt. Kommunen og OCC blir leigetakarar i den komande innovasjonsparken.

 

Investorar og eigarar er Utstillingsplassen Eiendom AS og Skanska. Utstillingsplassen held til på Hamar og er mellom dei store selskapa i innlandet som driv innanfor utvikling og forvaltning av eigedom, men blir likevel ein litleputt mot entreprenørkonsernet Skanska, som har 53 000 tilsette i Europa, USA og Latin-Amerika, og som har Noreg som eitt av ni heimemarknader.

 

Skanska kjøpte seg inn i prosjektet etter at reguleringsplanen var utarbeidd, og vil ha rolla som entreprenør.

 

Tevlinga

Skanska, Utstillingsplassen, Utdanningsetaten i Oslo kommune og Ullern videregående skole inviterte fire arkitektkontor til å konkurrere om å bli teiknande samarbeidspartnar i prosjektet, Narud-Stokke-Wiig, Hus arkitekter, Eliassen og Lambertz-Nilssen, og altså Dark arkitekter.

 

Ein vurderte dei arkitektoniske løysingane og så på økonomi i prosjektet, kompetanse, røynsle og honorarnivå, og alle slutta opp om vinnaren.

 

Dark fekk nest dårlegaste rangering på honorarnivå, men høgste rangering, saman med Hus arkitekter, på kompetanse og røynsle, og Dark sitt framlegg var best på arkitektur og økonomi med høg arealeffektivitet, gode skulefunksjonar, tilrettelegging for sambruk, kostnadseffektivitet og små avvik frå reguleringsplanen.

 

Innbydarane såg ikkje på miljø- og energiløysingar. Grunngjevinga for det var at «dette er kvaliteter utbygger vil utvikle sammen med valgt arkitekt». Det skal altså kome inn, men først på eit seinare tidspunkt.

 

På vinnerlaget deltok Christine Grape, Vivian Steinsåker, Anne Christensen, Elin Resch (landskapsarkitekt) og Ida Aagesen Trondsen frå Dark arkitekter AS, og Geir Ross Børøen frå Arkitektpartner AS.

 

Det er laga ein reklamevideo for innovasjonsparken der artisten Haddy N’jie intervjuar sentrale personar om planane, og den kan du sjå under.