Ny giv for DOCOMOMO Norge
Etter to år utan aktivitet, vil eit nytt styre auke innsatsen for å sikre dokumentasjon og ivaretaking av modernismens arkitektur her i landet.
DOCOMOMO, «the international working party for documentation and conservation of building sites and neighbourhoods of the modern movements», er ein uavhengig organisasjon stifta i 1989, med nasjonale arbeidsgrupper i 42 land. Det internasjonale registret er hos Nederlandsk Arkitekturinstitutt (NAI) i Rotterdam.
– Mykje står att
Den norske avdelinga vart etablert i 1993, og har sidan lagt ned mykje gratisarbeid for å sikre det 20. århundrets modernistiske arkitektur på norsk territorium.
Det dreier seg om ei rimeleg avgrensa oppgåve, men arbeidet vil vere ein kontinuerlig prosess, forklarer Margrethe Dobloug til Arkitektnytt.
– Arbeidet med å dokumentere, ta vare på bygg, gjere dei kjente og «lobbe» er ikkje ferdig. Mange av byggverka er truga.
Vervekampanje
Det viktige arbeidet er basert på friviljug innsats, og det nye styret i DOCOMOMO Norge vil difor arrangere vervekampanje.
– Vi ønskjer at fleire blir med og kan ordne med til dømes synfaringar, foredrag og sikre deltaking på internasjonale kongressar, seier Dobloug og dreg fram samarbeidet med antikvariske instansar og Fortidsminneforeningen som sentralt.
Dei konkrete detaljane i den nye satsinga er ikkje klare. Styret vil først utarbeide ein strategiplan.
Leiar i det nye styret er Siri Skjold Lexau, kunsthistorikar og professor ved Universitetet i Bergen. Med seg i styret har ho Margrethe Dobloug, arkitekt MNAL og tidlegare professor ved AHO, og Christian Ebbesen, arkitekt MNAL og dagleg leiar av Arkitektskap. Thea Kvamme Hartmann, landskapsarkitekt MNLA, og Hans-Henrik Egede-Nissen, kunsthistorikar og phd-student ved AHO, er vararepresentantar.