Ny akt i det trønderske torgdramaet
No er den omstridte konkurransen om kvardagsscene for Torvet i Trondheim avgjort.

Kommunen skal ruste opp det sentrale torget i byen, og har halde konkurranse for scene og møblering av det viktige byrommet, men ikkje med utgangspunkt i dei heilskaplege designplanane til arkitekt MNAL Leena Marjamaa. Utforminga av Torvet i Trondheim er blitt eit stridens eple.
Svevande scenetak
Fire lag deltok i den avgrensa plan- og designkonkurransen om ei permanent kvardagsscene for inntil 1500 tilskodarar. Det var AART Architects og BSAA Urban lab, Askim/Lantto Arkitekter og Dronninga landskap, Reiulf Ramstad Arkitekter og Landskapsarkitekt Thorbjørn Andersson, og HUS arkitekter og Multiconsult. Sistnevne team gjekk av med sigeren.
Juryen bad om meir materiale frå to av deltakarane. Den første versjonen frå HUS og Multiconsult viste ei scene med eit enkelt sirkulært tak med bakvegg og søyler, men laget reklamerte med «et spekter av muligheter». Juryen bad om å få sjå meir, og arkitektane diska så opp med ei langt sterkare og meir iaugefallande form, eit mektig sirkelforma svevetak støtta av ei einskild søyle. Deretter stemte heile juryen for framlegget «Piece of cake» til HUS og Multiconsult.
Assosiasjonar til Rockheim
Dette nye framlegget trefte juryen heime. Scena vil bli «et moderne, selvstendig byggverk», står det i juryrapporten, og ho er attpå «ekstremt fleksibel». Nokre justeringar må til, og doble scenetepper må agere backstage, men taket i kopar har ein ornamentikk og ei lyssetting som vil gjere det til eit blikkfang, både om dagen og om kvelden. Juryen meiner at illustrasjonen til vinnarane gir assosiasjonar til taket på Rockheim, som er blitt eit «sterkt trøndersk symbol», men at materialbruk og lyssetting samstundes vil gje scenetaket originalitet. Torget får noko som er unikt.
Dei geometriske formene til møbelserien byr óg på det unike. Bruken av «fargepalett med trondhjemsfarger» opnar for friske fargeinnslag. Rett nok må fargebruken vurderast for å gi balanse til heilskapen, og juryen ønskjer seg ein tydelegare visuell samanheng mellom scena og møbla.
Det historiske plottet
Kommunen har det siste året utarbeidd nye planar for torget, etter å ha droppa prosjektet til arkitekt Marjamaa, og utan å lytte til kritikken frå Trondhjems Arkitektforening (TAF), som meiner at kommunen har opptrådt uprofesjonelt og kritikkverdig i planleggingsarbeidet for storstua i byen.
Bakgrunnen for kritikken er at det vart halde ein open plan- og designkonkurransen i 2004, og etter ein runde med workshop og oppdragstevling skreiv kommunen kontrakt med arkitekt Leena Marjamaa om oppgåva. Ho la fram eit forprosjekt i 2007 og fekk seinast i 2010 melding frå kommunen om at det hasta med å kome vidare, før ho året etter, i 2011, fekk vite over telefon at andre aktørar var på banen og hadde teke over, jamfør ein artikkel publisert på arkitektnytt.no 25. november 2011.
Litt seinare, 11. januar 2012 på arkitektnytt.no, uttrykte leiaren av TAF, Jan Støring, at den nye planen for torget «bryter totalt med den klassiske byplanen som Torvet er en del av», og at han såg eit populistisk publikumsfrieri i den nye formgivinga.
Scenedreiing
Kommunen gjer greie for vegen frametter på nettsidene sine. Der står august 2011 som omdreiingspunktet, da det nye starta, men rett nok etter gjennomføring av «ulike serier workshops og idédugnader». Kommunen har det heile og fulle ansvaret for planarbeidet, står det òg, men har samarbeidd med «konsulenter, eksperter innen ulike fagfelt, andre offentlige myndigheter, gårdeiere og annet næringsliv i byen».
Ein kalender over milepelar viser at omlegginga av planane for Torvet har vore på veg før august 2011. Arbeiderpartiets Geir Waage gjorde framlegg i formannskapet 1. juni 2010 om at rådmannen skulle intensivere arbeidet med å finne private bidragsytarar. Dette lèt til å ha lukkast mykje godt, for 1. desember fekk ordførar Rita Ottervik (Ap) eit brev frå byborgarane Odd Reitan og Ivar Koteng med tilsagn om ein stønad på opptil 50 millionar kroner. Tre veker etter, like innunder jul 2010, vart formannskapet orientert om at «det startes et samarbeid mellom Trondheim kommune, private bidragsytere, gårdeiere og City manager om planene for Torvet», og 17. august 2011 vart formannskapet orientert om «behovet for å endre planene for Torvet».
I 2012 ha det vorte halde ymse arrangement, så som workshop på Torvet 6. juni, samstundes som den aktuelle konkurransen for scena og møblering er halde.
Solid jury
For trondheimskontoret HUS arkitekter AS arbeidde sivilarkitekt Lars Christian Koren Hauge (prosjektansvarleg), interiørarkitekt og designer MNIL Urd Schjetne, master i arkitektur MNAL Øyvind Skaar, arkitekt FAI og industridesignar FII Thorsteinn Geirhardsson og master i arkitektur MNAL Maria Lund. Fra Multiconsult AS deltok landskapsarkitekt MNLA Siri Alette Aurstad
Norske arkitekters landsforbund (NAL) takka nei til å utnemne jurymedlem for slik å stø kritikken frå lokallag i fylket, Trondhjems Arkitektforening.
Juryen til kommunen svarar like fullt mykje bra for kravet om arkitektfagleg representasjon. Fire av seks deltakarar var arkitektar av ulike slag, nemleg arkitekt MAA Lin Skaufel (frå Gehl Architects og leiar av juryen), landskapsarkitekt MNLA Ola Bettum, interiørarkitekt og møbeldesigner MNIL Morten Skjærpe Knarrum og arkitekt MNAL Sverre Clausen. Dei to andre var Janne Serine Størseth, dagleg leiar av FARK (Festival og Arrangementskontor), og Merete Kvidal, sivilingeniør i Trondheim kommune. Slik ein kan sjå: Det var lik kjønnsfordeling attpå. Sekretær for juryen var landskapsarkitekt MNLA Magnhild Lunde i Trondheim kommune.