NSW med hospitaltriumf i Jylland
CuraVita har vunne konkurransen om å utforme eit nytt stort sjukehus i Midt-Jylland, til fire milliardar kroner.

Arkitektane i gruppa CuraVita kjem frå Narud Stokke Wiig Arkitekter & Planleggere og dei danske kontora Arkitema og AART.
CuraVita har arbeidd tverrfagleg med planlegging og design av sjukehus sidan 2007. Gruppa inkluderer òg fagfolk frå Grontmij, Moe & Brødsgaard og Hospitalitet. Arup stilte som underrådgivar i det aktuelle tevlingsprosjektet om hospitalet i Gødstrup ved Herning, som med sine rundt 135 000 kvadratmeter blir mellom dei største byggeprosjekta innanfor helsesektoren i Danmark.
Pasienten i sentrum
Region Midtjylland stod bak den avgrensa prosjektkonkurransen, med seks inviterte lag. Avgjerda fall onsdag 28. september da politikarane slutta seg til innstillinga som var lagt fram. Arbeidet på sjukehustomta skal ta til hausten 2012.
Wilhelm Berner-Nielsen, partnar i Arkitema Architects og projektsjef i CuraVita, seier i pressemeldinga frå kontoret at det overordna fokuset har vore å få fram eit projekt som «på den ene side tilbyder både behandlingsmæssig og driftsmæssig effektivitet i den absolutte topklasse, og på den anden side opleves som poetisk, venligt og imødekommende af både patienter, pårørende og personale».
Pasienten er sett i sentrum, ifølgje CuraVita, som også seier dei har lagt vekt på kontakt med naturen og bruk av material for ein trygg og heimleg atmosfære.
Sengepostar nærast himmelen
Sjukehuset følgjer dei horisontale linene i landskapet med ein langstrukken base for poliklinikkar, røntgen, operasjonsrom og kontor. Sengepostana ligg nærare Jyllands blå himmel, som lette horisontale skiver oppå basen.
«CuraVita har lyttet til vores behov og virkelig formået at tegne stregerne til et vestjysk hospital,» seier sjukehusdirektør Henning Vestergaard i ei pressemelding frå Region Midtjylland.
Arkitektane i CuraVita-teamet frå Narud Stokke Wiig var Johannes Eggen, John Arne Bjerknes, Hanne Hemsen, Isabel Ruiz Lopez og Anders Oskar Fredriksen.