Nyheter

Norsk Form vil ha Norsk Designråd

Samanslåing av dei to nasjonale stiftingane blir diskutert. Eit svar kan kome alt med framlegget av statsbudsjettet for 2013 i oktober.


Norsk Form og Norsk Designråd har kvart sitt hushald, men i same huset. Er det ei god løysing? Foto: Dalbera/flickr.com
Norsk Form og Norsk Designråd

Norsk Form er ei stifting med 27 tilsette pluss mellombels engasjerte medarbeidarar. Institusjonen opna som eit nasjonalt senter i 1993 etter initiativ frå Kulturdepartementet og arbeider for å auke forståinga for fagfelta design, arkitektur og by- og stadsutvikling og å fremje kvalitet i omgjevnadene. Det meste av pengane kjem frå Kulturdepartementet.

 

Norsk Designråd er ei stifting med 20 tilsette som har til mål å fremje «bruk av design som et strategisk innovasjonsverktøy for å oppnå større konkurranseevne og lønnsomhet i norsk industri og næringsliv». Designrådet vart oppretta i 1963 og får statleg stønad frå Nærings- og handelsdepartementet.

Norsk Form og Norsk Designråd er i dag sambuarar i Norsk Design- og Arkitektursenter (DogA) i Oslo. Er det på tide å gifte seg? Jau, seier den eine direktøren. Nei, seier den andre, og det gjer dei i både Aftenposten Morgen og Bergens Tidende i to tilnærma likelydande artiklar måndag 24. september. Begge aviser slår opp saka under tittelen: «Norsk Form vil legge ned seg selv.» Men det er, om ikkje direkte usant, så noko misvisande. Ein meir råkande tittel hadde vore: «Norsk Form vil ete Norsk Designråd.»

 

Den gode, snille friaren…

Norsk Form, ved styret, leiinga og heile organisasjonen, har trådd fram for både sitt eige og sambuaren sitt departement og sagt at om dei to stiftingane blir eitt, til dømes med namnet Norsk Design- og Arkitektursenter, som er namnet på hustilveret i dag, da vil alt bli mykje betre, ja nett slik departementa ønskjer seg det.

 

Departementa er opptekne av at fagfelta til organisasjonane skal bli tydelegare i samfunnet, og ei samanslåing av dei to vil sikre ei sterkare profilering, meiner direktør i Norsk Form, Andreas Vaa Bermann. Han går difor inn for ei ekteskapleg løysing med departemental signing.

 

– Vi gjer framlegg om å leggje ned begge organisasjonane og danne ein ny, med delte oppdrag, for å få den best moglege effekten av dei statlege midla i arbeidet med design og arkitektur mot næringslivet, den offentlege sektor og resten av samfunnet, freistar han.

 

Siviløkonom Jan R. Stavik er administrerande direktør i Norsk Designråd. Foto: Norsk Designråd
Siviløkonom Jan R. Stavik er administrerande direktør i Norsk Designråd. Foto: Norsk Designråd

… og bestemor

Det er ikkje anna som står i vegen for eit rikt og lukkeleg familieliv enn at brura ikkje vil, i alle høve ikkje utan vidare.

 

Direktøren i Norsk Designråd, Jan R. Stavik, viser til to større utgreiingar, initierte av departementa, og slår fast at dei to stiftingane har ulike målgrupper, oppgåver og føremål. Utgreiingane viser at dei ikkje overlappar kvarandre.

 

– Styret vårt og departementet vårt ser ikkje nokon grunn til å gå inn for samanslåing. Norsk Form har ein annan og mykje breiare agenda enn vi har, og ei samanslåing vil gjere oss mindre tydelege, seier han og legg til at ein treng bakgrunn i næringslivet for å lære språket til Designrådet si målgruppe.

 

– Vi må gjere ein innsalgsjobb for å få næringslivet til å sjå korleis design kan bidra til fornying og innovasjon. For å lukkast med det treng vi å ha ei tydeleg forankring i næringslivet.

 

– Tida er moden

Bergens Tidende har kontakta Monica Hannestad, dagleg leiar av Design Region Bergen, eit tiltak for å gjere bergensregionen til eit av dei førande områda i Norden innan designdrive nærings- og samfunnsutvikling. Ho trur at samanslåinga kjem, og at ho vil gagne norsk design og arkitektur.

 

– Tida er no moden for ein tverrfagleg designorganisasjon med regionalt spissa tiltak, seier ho og løyner ikkje at ho ventar å få meir av den statlege kaka til sin eigen organisasjon.

 

– Enno har det ikkje kome eitt ord om korleis heile landet skal sikrast. Det regionale perspektivet må inn, slår ho fast.

 

Vandring i mørke skogen

Arkitekt Andreas Vaa Bermann er direktør i Norsk Form. Foto: Privat
Arkitekt Andreas Vaa Bermann er direktør i Norsk Form. Foto: Privat

Andreas Vaa Bermann i Norsk Form vil gjerne spreie arbeidet for den gode saken, og ser for seg at den nye fellesorganisasjonen etablerer lokalkontor i dei største norske byane.

 

– Design Region Bergen kan gå over til å bli eit slikt lokalkontor, seier han inviterande.

 

– Innovasjon Norge har eit regionkontor i kvart eit fylke, seier Jan R. Stavik. Han trur ikkje Design Region Bergen vil få statlege middel over Nærings- og handelsdepartementet, dei som no går til Norsk Designråd og Innovasjon Norge.

 

Mot raskt bryllaup?

Drøftingane av ei samanslåing av dei to stiftingane har gått føre seg ei stund. Arkitektnytt kontakta Anders Vaa Bermann for å høyre om ei avgjersle kjem alt med framlegget til statsbudsjett som blir gjort offentleg måndag 8. oktober.

 

– Vi har ei forventning om at statsbudsjettet vil bringe oss langt nærare ei løysing, svarar Norsk Form-direktøren.

 

– Kva vil det seie?

 

– Vi er to uavhengige stiftingar som vil måtte ta stilling til det som eventuelt blir lagt fram.