Nyheter

Norsk arkitekturhistorie

Det norske samlaget har gjeve ut ei bok om norsk arkitekturhistorie for studentar og andre interesserte i arkitektur og kunsthistorie.


Nils Georg Brekke, Per Jonas Nordhagen, Siri Skjold Lexau:
Norsk arkitekturhistorie. Frå steinalder og bronsealder til det 21. hundreåret
432 s., fargeill., innb., kr. 498
Det Norske Samlaget
Gjøvik 2003
Nils Georg Brekke, Per Jonas Nordhagen og Siri Skjold Lexau står bak innføringsboka. Brekke skriv om dei eldste tidene og byggjeskikken på bygdene. Nordhagen presenterer kyrkjene i mellomalderen og utviklinga i arkitekturen frå 1700 til 1900, medan Skjold Lexau tek for seg arkitekturen på 1900-tallet.

«Det er ikkje først og fremst ei bok om arkitektane og deira mest framståande verk, men om arkitekturen som samfunnstema og kulturuttrykk,» heiter det frå forfattarane i det innleiande kapitlet. Dei har lagt vekt på å få med den samfunnsmessige konteksten. Nye transportformer, endringar i landbruket, kraftutbygging og industrialisering, velferdsutvikling med oppbygging av offentlege institusjonar, alt legg føringar for arkitekturen.

«I framstillingar av historiske utviklingsløp er det gjerne hendingar som syner brot eller endring, som får mest merksemd. Arkitekturhistoria blir difor ofte framstilt som ein kavalkade over originale og markante byggverk av framståande arkitektar, slik at det står att ei perlekjede av spesielle objekt som sanningsvitne om ein periode,» skriv forfattarane og råkar godt. Dei legg til: «Den som leitar etter eit slikt oversyn i denne boka, vil bli skuffa.»

Kan hende er boka mindre heroiserande enn arkitektane lik. Men ho inneheld òg ei anna utfordring.

Norsk arkitekturhistorie har tradisjonelt vorte skriven med utgangspunkt i dei store byane i Noreg og bondekulturen i austlandsdalane, sett i høve til stilimpulsar frå kontinentet. Men dei har bygd hus i fire tusen år ved kysten. Sivilisasjonsbeltet langs kysten er eldst. Dette må ein få med. «Sjøfarten og handelskontakten mot Europa pregar landskapa kring Skagerak i sør og kystlandskapa ved Nordsjøen i vest. Det er dette området som har hatt den viktigaste kulturelle kontakten mot dei britiske øyane, heilt frå det norrøne kulturområdet i vikingtida og fram til seinmellomalderen, då hansaveldet tek over, styrt frå dei nordtyske byane.»

Målet med boka har vore å presentere breidda i det arkitektoniske uttrykket i alt som har vorte bygd i Noreg opp til vår tid, altså å teikne eit heilskapleg bilete av norsk arkitekturhistorie, ulikt det fragmentariske biletet ein finn i dei tradisjonelle framstillingane. Målet har vore å skrive om arkitektur i vidaste tyding. Difor har dei teke inn den stadeigne arkitekturen og sett landet meir frå vest.

No kjenner ikkje forfattarane heile sanninga om historia. Til det er historia for stor og livet for stutt, og dette veit dei. Difor presenterer dei teoribyggjarar og seier litt om forskingslandskapet til arkitekturen.

Boka er på over 400 sider. Ho har mange bilete i fargar og svart-kvitt, attåt teikningar.