Nyheter

NIL med jubileumsårbok

«Rom & møbler 2012», den neste årboka frå Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL), blir nummer 25 i rekkja.


Forsider fra tidligere årbøker fra NIL (2009 og 2011).

Årbøkene presenterer leiande aktørar i bransjen i tekst og bilete og syner utviklinga innan eit fag som mange er interesserte i. Interiørarkitektane er profesjonelle utøvarar i ein stor industri og styrer mellom omsyn til oppdragsgivarar og leverandørar av utstyr, aukande krav frå det offentlege og glansverda i interiørblada.

 

Jubileumsårboka «Rom & møbler 2012» vil presentere aktuelle interiørprosjekt, men óg gi eit tilbakeblikk på dei siste 25 åras historie. Etter mange år med same redaksjon, tek Orfeus forlag i Oslo over redaksjonsansvaret for jubileumsårboka.