Nei til planane for Astruptunet
Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fylkeskommune seier begge nei til planane for oppføring av besøkssenter og galleri på Astruptunet i Jølster.
LY Arkitekter AS vann i 2006 den opne plan- og designkonkurranse om nytt besøkssenter og galleri for Astruptunet med utkastet ”Jordnær”. Juryen fann at planløysinga var god, og anlegget ville bringe ”ein spennande kontrast til dei tradisjonelle små husa i tunet” (Arkitektnytt 09/06).
Jølster kommune gjekk vidare med prosjektet, men da terrenget er brattlendt, vil ein trenge ein kraftig rasvoll til skredsikring.
Fylkeskommunen gjekk i april 2008 imot planane til kommunen ut frå dette. Skredsikringstiltaket ville føre til uboteleg inngrep i kulturlandskapet ikring kunstnarheimen og svekke opplevinga og forståinga av Astruptupnet som kulturmiljø og kunstnarheim.
Riksantikvaren har no slutta seg til Fylkeskommunen si vurdering. Bygningane og hagemiljøet frå byrjinga av 1900-talet har nasjonal verdi, som ein heilskap- ”Planen er i vesentleg konflikt med kulturminneverdiar av nasjonal interesse,” konkluderer Riksantikaren i si motsegn, datert 20. 01.09. ”Besøkssenteret og rasvollen over dette er uakseptabel fordi dei i vesentleg grad vil forringe opplevingsverdien av Atruptunet og omkringliggjande landskap.”
Målaren Nikolai Astrup tok over staden i 1912. Han bygde opp tunet, tok i bruk eksisterande hus og flytta eldre bygningar dit. Han var sterkt oppteken av landskapet ikring og laga terrassar i terrenget og hage, og i desse rike omgjevnadene fann han motiva til mange av verka sine.
