Nyheter

Murverksprisen til Forsvarets ledelsesbygg på Akershus

Bygningen som får Murverksprisen 2011, stod ferdig i 2006 etter teikningar av Jarmund/Vigsnæs AS Arkitekter, med Forsvarsbygg som byggherre, Rambøll Norge AS som rådgjevande ingeniør og muravdelinga til Veidekke Entreprenør AS som muransvarleg.

- Eit verdig anlegg som gir dei eldre bygningane på festningsområdet ei ny referanseramme, seier juryen om Forsvarets ledelsesbygg på Akershus. Foto: Nils Petter Dale

– Bygget koplar seg på ein respektfull måte til den eldre bygningsmassen, seier juryen og peikar på at volumoppbygginga, dimensjoneringa og materialbruken er tilpassa dei varierte bygga som ligg ikring, på eksemplarisk vis. Detaljeringa ligg på eit mykje høgt nivå, og det er brukt Petersen D48-tegl, mura med mørk fuge, tilpassa karakteren til bygningane frå 1800-talet.

 

Anlegget gir eit eksempel på innovativ bruk av tegl i ein kompleks situasjon med antikvariske bygg, som «både inspirerer og ansporer», slår juryen fast. «På en overbevisende måte er historisk og verneverdig bygningsmasse knyttet an til et moderne og funksjonelt kontorbygg.» Ledelsesbygget ligg i den nordaustre delen av det ytre festningsområdet og har 560 arbeidsplassar.

 

Norsk Murforum og Norske arkitekters landsforbund står bak prisen, som blir delt ut under Norsk Murdag i Trondheim 16. mars.

 

I juryen sat sivilingeniør Ole Krokstrand (byggutengrenser.no), sivilingeniør Morten Langvik (Mur-Sentret as), ingeniør Mari Flaata (redaktør mur+betong), sivilarkitekt MNAL Gro Eileraas (Eileraas/Sævik as) og sivilarkitekt MNAL Jostein Bjørndal (Hansen/Bjørndal arkitekter as), med Per Christian Berg (redaktør Murmesteren) som vara.