Missing Link vann i Sogndal
Arkitektgruppen lille frøen AS i samarbeid med mellom andre Bjørbekk og Lindheim AS, har vunne avgrensa plan- og designkonkurranse om nytt sentralbygg for Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.
Motto "Missing Link"
ARK: Arkitektgruppen lille frøen AS
L.ARK: Bjørbekk og Lindheim AS
RIB: A.L. Høyer AS
RIG: Multiconsult AS
RIV: Ingénia AS
RIE: ÅF Nielsen og Borge AS
PGK: Arkitektgruppen lille frøen AS
Vinnarutkastet ber namnet "Missing Link", og det var det manglande leddet som ga prosjektet sigeren. – Prosjektet skilt seg klårt ut ved å leggje til det manglande leddet som kan binde saman bygningane på høgskulen, heiter det i ei pressemelding frå Statsbygg.
Høgskulen i Sogn og Fjordane held i dag til i fleire bygningar spreidde omkring i Sogndal. Det har lenge vore eit ønske om å samla verksemda på Fosshaugane campus, og det nye sentralbygget vil bli eit viktig bindeledd mellom dei tre andre bygningane som ligg her. Juryen seier om vinnaren:
– ”Missing Link” skiller seg helt klart ut som det forslaget som har innfridd de fleste prosjektkravene. Grepet er oppsiktsvekkende enkelt og uanstrengt gjennomført som arkitektoniske og funksjonelle løsninger. Utkastet har en fleksibilitet som ingen av de andre utkastene kan framvise... Utkastet har arkitektoniske kvaliteter som forener den effektive kommunikasjonen med ønsket om sosiale møteplasser. Etter juryens oppfatning har ”Missing Link” et stort potensial til å bli et svært godt sentralbygg. ”Missing Link” vil virke sammenbindende for Fosshaugane campus ved at ”det manglende leddet” tilføyes. Det vil gi Fossbygget en forankring til det som skjer på platået. De bygningene som vil inngå i campus vil sammen danne avgrensningen av et stort uteareal som kan bli et samlende, attraktivt og aktivt sentralrom lett tilgjengelig for alle.
Juryen meiner det har vore eit spennande arbeid og ein særs vellukka arkitektkonkurransen. Rektor Johs. Thaule og direktør Hans Jørgen Binningsbø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore medlemmer i juryen. Dei er godt nøgde med vinnarutkastet og meiner at det er eit godt og tenleg bygg som vil markere Høgskulen på ein positiv måte. Juryen vart leia av Hilde Nordskogen, direktør, rådgiving og byggherre, Statsbygg. Arkitektar i juryen var Anders Kalstad og Jørn H. Fundingsrud, begge seniorarkitekt i Statsbygg, Torunn Hognestad, landskapsarkitekt i Statsbygg, og siv.ark. MNAL Ogmund Sørli, oppnemnd av NAL.
Forprosjektet skal vere ferdig før året er omme, og målet er byggjestart i slutten av 2008. Brutto arealramme for bygget blir på 7600 kvm, og den beregna entreprisekostnaden er på nærare 140 millionar kroner.
I alt var fem grupper med i arkitektkonkurransen. De andre deltakarane (ARK/L.ARK) var Arkitekturlaboratoriet AS (a-lab)/Østengen og Bergo, Nordplan AS, 70°N og
Boyarsky Murphy/Nordplan AS, Slyngstad Aamlid Arkitekter AS/Asplan Viak AS og Askim / Lantto Arkitekter AS/Gullik Gulliksen Landskapsarkitekter AS.
Vedlegg
- Les juryens rapport