Miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren
– I juni skal ein ny miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren 2009-2012 leggjast fram. Eg ønskjer innspel til planen både frå fagfolk og folk flest, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Kommunal- og regionaldepartementet har derfor oppretta ei eige nettside, der dei som vil kan koma med synspunkt og forslag.
Miljøhandlingsplanen vil ta utgangspunkt i klimaforliket og miljømål Regjeringa allereie følgjer opp, og skal gje eit samla oversyn over konkrete mål og tiltak som vil gjelde bygg og bustader for den komande fireårs perioden. Fleire departement og etatar har ansvar for mål og tiltak som påverkar miljøtilstanden i bustad- og byggsektoren.
– Ein samla framstelling av alle tiltaka i ein plan kan vera nyttig for dei mange aktørane i byggjenæringa og kan voneleg stimulera til auka innsats i åra som kjem, seier statsråd Kleppa.
– Men vi er òg avhengige av å spela på lag med folk flest, dei som eig og brukar alle bustadane og bygga, om vi skal få redusert klima- og miljøpåverknaden frå sektoren i monaleg grad. Eg kan ikkje lova at alle innspel vil bli brukte i planen, men eg kan lova at vi vil studera alle idear og meiningar med interesse, seier statsråden som vonar at mange vil nytte høvet til å besøka den nyopna nettsida og gje sine innspel til planen.
Innspel blir teke i mot til og med 20. mars, og vil vera tilgjengeleg på nettsida ut juni 2009.