Meld på kandidatar til Statens byggeskikkpris
Sei ifrå om det er eit bygg du trur på!
Byggeskikkprisen skal i år delast ut for 30. gong, og juryen ønskjer å få framlegg til vinnarar til og med 15. februar.
Statens byggeskikkpris heidrar bygningar og anlegg som i utføring og materialbruk, i samspel med stad og miljø, fornyar og hevar den alminnelege byggeskikken.
Ein jury leia av Erling Dokk Holm, vil peike ut prisvinnaren i 2012, medan kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil overrekkje plaketten og ein mykje triveleg pengepremie til den eller dei som står bak byggverket. Arkitekt Lene Edvardsen er leiar for sekretariatet i Husbanken.
I fjor stod dysten mellom hundre kandidatar. Hamsunsentret i Nordland trakk det lengste strået. Kven blir det i år?
Du kan sikre at favoritten din blir vurdert, om det er ein bustad eller noko anna, ved å melde ifrå til Husbanken si nettside, som du òg finn her.