Nyheter
Meld på bygg til Statens byggeskikkpris 2011
Byggjeskikkprisen er på 200 000 kroner, og i år får også påmeldaren av vinnarbygget ein premie, eit reisegavekort på 10 000 kroner.
13. januar 2011
I fjor fekk Husbanken inn 58 framlegg til vinnarbygg. Sju av desse vart saumfarte av juryen. I år ønskjar Husbanken å ha med fleire bygg i tevlinga om prisen.
Frist for å melde på kandidatar er 11. februar 2011.
Statens byggeskikkpris heidrar bygningar som løftar, fornyar og utviklar den allmenne byggjeskikken gjennom utføringa, materialbruken og samspelet med staden og miljøet. Bygget må vere godt arkitektonisk utforma og svare for krav til universell utforming og miljø. Sentrale aktørar i bygginga, personar og foretak, kan få prisen.
For påmelding fyll ut skjemaet på www.statensbyggeskikkpris.no