Nyheter
Lønsoppgjeret i kommunal sektor
Stor variasjon i tillegg, men rundt 4–5 prosent er det vanlegaste.
16. november 2004
Så har vi vore gjennom det andre heilt desentraliserte oppgjeret i kommunal sektor. Mange har fått gode oppgjer, andre ikkje fullt så gode.
Når det gjeld det økonomiske resultatet av forhandlingane, er det stor variasjon, som det også var for to år sidan. Eit resultat rundt 4 prosent +/- (pr. 1. mai) er det vanlegaste, men det finst kommunar som berre har gitt 1,8 prosent, og andre med resultat på rundt 9 prosent. I fylkeskommunane som vi har resultat frå (5), varierer det mellom 4 og 4,55 prosent pr. 1. mai.
Saboterer kommunane intensjonane bak lokal lønsfastsetjing?
Eit generelt trekk er at få kommunar er viljuge til å fylgja opp intensjonane i den nye tariffavtalen, og kopierer resultatet frå det sentrale oppgjeret for LO/YS/UHO i sine tilbod til våre medlemar. Mange kommunar nektar å forhandla ut frå dei kriteria for lokal lønsdanning som er gjevne i avtalen.
Ifylgje hovudtariffavtalen 2004–2006, kap. 5 Lokalt lønns- og stillingsregulativ, heiter det i pkt. 5.4 Prinsipper for individuell lønnsfastsettelse at «Ved lønnsfastsettelsen skal det bl.a. tas hensyn til stillingens kompleksitet, og den enkelte ansattes kompetanse, ansvar, innsats, resultatoppnåelse og behov for å rekruttere og beholde arbeidstakere.» Ut frå røynsler i eigen kommune og meldingar frå andre kommunar, synest det som om mange kommunar ikkje vil diskutera dette ved dei lokale forhandlingane. Det lokale oppgjeret blir i for stor grad ein kopi av kap. 4: Kommunane legg i botn eit generelt tillegg likt det som blei fastsett ved det sentrale oppgjeret for kap. 4, og så skal ein sloss om små smular til lønsregulering. Prinsippet om total lokal lønsfastsetjing er heilt borte i mange kommunar.
I Rogaland fylkeskommune har arbeidsgjevar primært argumentert med utjamning, noko som jo er stikk i strid med intensjonane i kap. 5.
Dette er alvorleg og kan ikkje aksepterast. Det er liten vits i å ha lokal lønsfastsetjing om ikkje individuelle vurderingar skal leggast til grunn.
Ein del kommunar plasserer nokre AFAG-medlemar i kap. 4
Akademikarane skal plasserast i kap. 5, der lokal lønsdanning er det einaste som gjeld. Faktisk nektar t.d. min arbeidsgjevar, Rogaland fylkeskommune, å gje alle våre medlemar stillingskode i kap. 5 sjølv om dei har høgste akademiske utdanning! Det blir lagt inn eigne lokale tolkingar av at sakshandsamarar i kap. 5 no skal heita «rådgjevar». Rogaland vil ikkje gje denne koden til relativt nytilsette, men setter dei i kode som «sakshandsamar» i kap. 4 (der det er sentral lønsfastsetjing, med dei tradisjonelle lokale forhandlingane i tillegg).
Dette er også ein praksis som vi vanskeleg kan leva med. Har du høgste akademiske utdanning, skal du vera i kap. 5 og skal ha ein av stillingskodane som finst der!
Leiarane
I kommunesektoren har toppleiarane hatt eigne lokale forhandlingar, kap. 3 i hovudtariffavtalen. I år er kap. 3 utvida til å omfatta mange fleire leiarar. Vi har enno ikkje oversikt over korleis forhandlingane i kap. 3 har slått ut for våre medlemar.