Nyheter

Lineært i boge på Sula

Arkitektene VIS-À-VIS vann den avgrensa prosjektkonkurransen for Langevåg skule i Sula kommune, som ligg like sør for Ålesund.


Vinnerprosjektet «Boomerang» med baseareal i små dimensjonar i ein boge mot aust og sør. (Perspektiv: VIS-À-VIS.)

Langevåg er administrasjonssentret i Sula kommune og har om lag 7000 innbyggjarar. Skulen skal no rustast opp med nybygging og rehabilitering av gammal bygningsmasse for allsidige læringsaktivitetar, med naudsynt fleksibilitet, og med ein arkitektur som gir sterk og positiv tilhørsle.

Fire arkitektkontor tok del i tevlinga om det beste prosjektet: Arkitektene VIS-À-VIS, Fortunen, Hus Arkitekter og Link Signatur. VIS-À-VIS vann med framlegget «Boomerang», enstemmig, hakket føre Link Signatur med «Gatelangs».

«Boomerang» skilte seg frå dei andre utkasta ved å ha ein lineær bygningsform, som ligg i boge mot aust og sør. Hovudinngangen mot vest – og eit amfi – ligg i plan med det gamle bygget, medan baseareala, med desentraliserte inngangar, og arbeidsplassane til lærarane er lyfta ein halv etasje opp.

Skulen tek imot på ein god måte, meiner juryen og omtalar hovudinngangen som «fin og markert». Dei desentraliserte baseinngangane gir gode uteareal mot sør for alle klassetrinna. Plankonseptet gir lange gangliner, men òg godt høve til å orientere seg i heile skoleanlegget, innover og utetter.

Juryen er noko skeptisk til det indre amfiet – eit uterom utan tak i vestlandsklima – og meiner at arkitekten treng å arbeide noko meir med midtsona, og peikar på at dei opne og lette fasadane mot sør stiller store krav til solavskjerming, men konkluderer med at framlegget har «et fint grep når det gjelder å holde dimensjonene på skoleanlegget nede i en skala som ikke virker fremmed og skremmende for de små elevene, og for bevisst arbeid med både indre og ytre fasader».

Arkitektene VIS-À-VIS mønstra eit lag med fem arkitektar MNAL: Marianne Hassel, Ruth Kristin Fiskum, Astrid Barrusten, Håvard Pinna og Jan-Vidar Monsen.
I tremannsjuryen var Ole Andreas Søvik oppnemnd av NAL.