Nyheter

Kvifor planlegge for midlertidig bruk?

Korleis bruke midlertidig ubrukte areal? Har vi overhovud noko nytte av underhaldande, midlertidige hagar, popart eller soundscapes der også det sosiale ugraset har slått rot?


Thies Schröder og Klaus Overmyer var to av forelesarane som viste oss kor naudsynt det er å planlegge for midlertidig bruk, og korleis det påståtte ugraset faktisk kjem til nytte i denne prosessen.

Shrinking cities
Thies Schröder frå informasjonsbyrået TS Redaktion (www.tsredaktion.de) viste oss ein del interessante refleksjonar rundt byar og regionar i tilbakegang. Sidan Berlinmuren fall i 1989, har mykje industri i Aust-Europa blitt lagt ned. Store tettstadar og byar har difor blitt nærast fråflytta. Før andre verdskrigen hadde Berlin ein infastruktur tilpassa fem millionar innbyggarar. No bur det derimot berre 3,3 millionar menneske i byen, som har om lag den same infrastrukturen. Slår prognosane til, synk folketalet til 2,7 millionar menneske dei neste 40 åra.

Det utløyser problemstillinga: Korleis planlegge for shrinking cities, byar eller regionar der arealbruken går ned?

Kva gjer ein med 50 000 leiligheter ute av bruk? Bør dei rivast i staden for å forfalle?
Her sette Schröder opp ei gruppe motsetnadar mellom moglege og umoglege standpunkt landskapsarkitekten eller planleggaren kan innta:
• Tilpasse nye strukturar, ikkje endre den demografiske prosessen.
• Utvikle gode strategiar for kommunikasjon i komplekse prosjekt, ikkje «redde verda».
• Støtte lovande strukturar og menneske, ikkje endre dei økonomiske kreftene.
• Arbeide for og utvikle gode tverrfaglege nettverk, og unngå planlegging som ein aktivitet for spesialistar.

Blant anna peika han på korleis arkitektar får vanskar med å planlegge riving av bustadkvartal, eller så vel heile bydelar. Dei er utdanna til å bygge nytt. Her har landskapsarkitekten den styrken at han kan reparere det opne rommet som blir igjen etter naudsynt riving. Dermed kan han skape eit nytt og betre landskapsrom som styrker identiteten og grunnlaget for vidare drift og liv for dei menneska som trass alt er igjen etter omfattande reduksjon av arbeidsplassar. Dette høvet kan vi nytte til å reorganisere og forbetre strukturane i byar i tilbakegang.

Katalysator
Klaus Overmyer peika på planleggaren si moglege rolle som katalysator. Han arbeider i EU-prosjektet Urban Catalyst som skal utvikle strategiar for midlertidig bruk av brakklagt bylandskap (www.urbancatalyst.de). Eksempelvis har dei skiftande politiske systema i Berlin etterlate seg store, brakke byområde der det i dag oppstår ein spontan bruk. Mellom ubrukte jernbaneskinner og villniss finn vi alt frå trailercamping og husokkupantar til småskala industriproduksjon i nedlagde fabrikk- og verkstadbygningar. Overmyer viste her til korleis enkelte kapitalsvake oppfinnarar gjer nytte av nedlagde verkstadar i utviklinga av patenterbare prototypar.

Dersom planleggaren kjem tidleg inn i prosessen, kan han bidra som ein viktig katalysator i desse uformelle prosjekta medan mangel på pengar stoggar større byggeprosjekt. Vi må difor utvikle ein «radar» for slik midlertidig bruk av tilsynelatande ubrukte areal som gamle jernbanestasjonar, «vasteland» og falleferdige bygg. Før tunge investorar viser interesse for slike område, har dei kortsiktige brukarane – eller det sosiale ugraset, slik nokre ser det – rydda opp og gjort området reint for forureining. Bruk av midlertidige installasjonar (sjå artikkelen til Vilde Stabel Jørgensen) kan tilføre nyansar til korleis vi ser og opplever slike stadar.

Kva kan vi lære?
Framleis veks byane og særleg dei mindre tettstadane i Norge. Kva nytte kan verktøy meint for midlertidig arealbruk tilby oss? Først og fremst ser eg eit potensiale i komplekse fortettings- og transformasjonsprosjekt, der område kan bli liggande brakk før ny bruk oppstår. Kva bruker vi dei til i mellomtida?

Vidare har vi industristadane våre og andre område som opplever reduksjon. Kva gjer vi i industristadar som Høyanger og Årdal når store hjørnesteinsverksemder blir lagt ned? I Odda synte dei nyleg teaterversjonen av Frode Grytten sin Bikubesesong i smelteverket sine nedlagde produksjonslokale. Men held det med kultur og underhaldning?
Kva skjer når aktiviteten i oljesektoren venteleg går nedover, og store industriområde blir liggande brakk? Kva gjer vi med uhyggelege spøkelseshus i fråflytta bygder? Kva gjer vi med krattskogen som veks seg inn på jordbrukslandskapa på bygdene?
Kan vi skape denne nedgangen i staden for å la han skje som følge av uønska forfall?