Nyheter

Kulturpolitisk nachspiel

Åse Kleveland meiner Statsbygg ikkje svarar for ambisjonene i «arkitektur.nå».


Norsk Form vart opna 3. september 1993. Ein stor dag for kulturministar Åse Kleveland. Foto: Olav Ødegården

KOMMENTAR: Det var sus i serken til kulturministaren og schwung over satsinga på arkitektur og estetikk til departementet hennar på byrjinga av 1990-talet. Regjeringa ville ha høgare estetisk kvalitet i det offentlege miljøet. Staten skulle vere eit førebilete for det byggjande Noreg, og for å realisere dette vart Norsk Form oppretta, «som et slagkraftig og ubyråkratisk organ», ifølgje Åse Klevelands Dagblad-kronikk 19. januar 2013.

 

Oppsiktsvekkjande

Kleveland stilte på status-konferansen til Norsk Form i november 2012 da resultata av satsinga på dokumentet «arkitektur.nå» frå 2009 vart presenterte. Ho fann mykje å gle seg over. Men oppsummeringa frå Statsbygg – av kva landets største byggherre vil, og har fått til – var «oppsiktsvekkende» og mykje skuffande.

 

Interessa for arkitektur og design er langt større i dag enn for tjue år sidan, skriv Kleveland i kronikken, noko som burde inspirere til auka innsats. Meir sentralt i argumentasjonen hennar står likevel at den statlege arkitekturpolitikken i 2009 vart «ytterligere forsterket og fordypet» med arkitekturmeldinga «arkitektur.nå». Kleveland omtalar dette som eit «omfattende dokument med målsettinger, analyser og forslag til konkrete tiltak», der «statens rolle som forbilde og fanebærer for kvalitet» forsterkast med tydelege ambisjonar om berekraft og universell tilgjenge. Her kjem ansvaret til dei statlege byggherrane inn, og her sviktar Statsbygg, meiner altså Kleveland.

 

Hennar kritikk av Statsbygg for manglande oppfølging av ambisjonane i «arkitektur.nå», får full tilslutning på nettsidene til NAL, der konkurransesjef Per Rygh grip spesielt fatt i at Statsbygg «synes å ha sluttet å avholde arkitektkonkurranser».

 

Kvifor slike forventningar?

Arkitekturmeldinga frå 2009 vart møtt med jubel og applaus, og ikkje utan grunn. Ho representerte noko nytt i Noreg, ei brei arkitektfagleg orientering utarbeidd som eit tverrdepartementalt regjeringsdokument.

 

Meldinga var likevel ikkje noko handlingsprogram, berre ein statusrapport utan noka bindande forankring i nokon politisk instans. Åse Kleveland viser til at ein i meldinga finn «forslag til konkrete tiltak». Jau, og dokumentet manglar ikkje fagert formulerte ambisjonar, endatil i blå skrift, men ein finn ikkje ei strategisk analyse for prioritering av tiltak ut ifrå kor flaskehalsane måtte vere.

 

I røynda innebar satsinga berre eitt nytt konkret tiltak, Bylab-programmet til Norsk Form, ei lita utviding av verksemda til den statlege stiftinga i hovudstaden. Dette var tenkt som eit tilbod til kommunane i heile landet.

 

Statsbyggs forsvinning

Eg omtala arkitekturmeldinga «arkitektur.nå» i Arkitektnytt 08/2009 og peika da på at ho lova lite og veik unna viktige problemstillingar. Heilskapen var haltande.

 

Sidan det for meg verka innlysande at Statsbygg må spele ei viktig rolle i den statlege arkitekturpolitikken, fann eg det «påfallande at Statsbygg mest ikkje er synleg i dokumentet», sjølv ikkje i bolken om staten som førebilete. Eg fann Statsbyggs forsvinning i dokumentet så underleg at eg bad om ei «kritisk gransking av Statsbygg si rolle – særskilt i høve miljø- og klimautfordringa».

 

Eg legg fram tanken på nytt. Logikken er mykje enkel: Vil ein stille særskilte krav til Statsbygg, kan det vere lurt å stille særskilte krav til Statsbygg.