Nyheter

Kultur- og badehus i Sandnessjøen

Seieren i konkurransen om komande kulturelt samlingspunkt på Helgelandskysten gjekk til L2 Arkitekter.


Vinnarprosjekt til L2 Arkitekter for nytt bad og kulturhus. Perspektiv mot nord. Illustrasjon: Cadman ved Jeppe Lyngby

Alstahaug kommune inviterte fem arkitektlag til å tevle i den avgrensa plan- og designkonkurransen om kultur- og badehuset i Sandnessjøen. Huset vil ruve i området som eit bygg med bibliotek, galleri, storsal og kino, kafé og badeanlegg med fleire basseng, så det er viktig at løysinga held mål.

 

Dei fem laga var Arkitektkontoret Nils Tveit/Griff Arkitektur, Asplan Viak, L2 Arkitekter, Heggelund & Koxvold og Helen & Hard/NUNO Arkitektur.

 

Inviterande inngang

 

L2 Arkitekter trakk det lengste strået og vart einstemmig kåra til vinnar med framlegget sitt, «Himmelblå». Det syner eit kompakt prosjekt med lite fotavtrykk, eit bygg i fire etasjar som er tilpassa kvartalssituasjonen og som gir eit godt utgangspunkt for arealeffektivitet og energisparing.

 

Kulturhusdelen er lagt på gateplanet med biblioteket godt synleg, med trapperommet integrert i fasaden og vestibylen som ein samlande møteplass med sitteplassar, servering og direkte kontakt med andre etasje. Juryen er «særlig positiv» til løysinga for inngangspartiet.

 

Storsal og kino har òg optimale tilhøve, seier juryen, men galleriet er uheldig plassert og badeanlegget har fått for lite areal.

 

Mykje glas

 

Anlegget er organisert i tre hovuddelar i lengderetninga. Kvar del kan utviklast vidare for seg. Konseptet er fleksibelt, slår juryen fast.

 

Samstundes har bygget fått ei horisontal lagdeling med eit moderne formspråk som «bidrar til å skape et egenartet bygg». Den omfattande bruken av betong, glas og metall stør opp under uttrykket, men juryen vil minske bruken av glas i fasaden og få fram eit meir energi- og miljøriktig bygg.

 

Alle fjorten sivilarkitektane hos L2 Arkitekter bidrog på ymse vis: Ivar Lunde, Jon Inge Bruland, Jon Flatebø, Helge Næs, Martin Christensen, Sunniva Simonsen, Meriadeg Jan, Katrin Häusler, Thomas Løvdal, Michael Ross, Line Woxen, Sigrun Berg, Tove Linn Tjersland og Heiki Fretheim. Rådgjevar på landskap var Atsite ved landskapsarkitekt MDL Anne Truelsen Schultz.

 

To lag fekk delt andreplass, Heggelund & Koxvold med «1,2–Nordlys» og Arkitektkontoret Nils Tveit/Griff Arkitektur med «Sabakuhus».

 

Juryen hadde seks medlemer. Mellom desse var sivilarkitekt MNAL Stein Hamre og sivilarkitekt MNAL Astrid Reikvam, som òg var jurysekretær, begge valde ut av kommunen.