Kristin Jarmund æresmedlem i AIA
Sivilarkitekt Kristin Jarmund er utnemd til «Honorary Fellow», eller æresmedlem, i The American Institute of Architects (AIA) for framståande bidrag til arkitektprofesjonen og samfunnet.
Amerikanske AIA organiserer meir enn 80 000 arkitektar, og mange av desse har æresmedlemskap, men Kristin Jarmund blir løfta fram i den meir eksklusive gruppa av æresmedlemmar som er for arkitektar som ikkje er USA-borgarar, og ikkje er busett i landet. Nordmenn som før har vorte æra med dette, er Sverre Fehn i 1986 og Kjell Lund og Nils Slaatto i 1996, ifølgje ei pressemelding frå NAL.
Juryen kåra dette året seks nye internasjonale æresmedlemmar – Angelo Bucci (Brasil), Louise Cox (Frankrike), Marcio Kogan (Brasil), Kengo Kuma (Japan) og Carme Pinós (Spania) i lag med norske Kristin Jarmund.
Til grunn for nominasjonen av den norske arkitekten låg mellom anna hennar rolle som frontfigur i framveksten av den nye generasjonen av særs talentfulle norske arkitektar frå midten av 1980-talet, og at ho er unik i skandinavisk samanheng, opplyser NAL i meldinga. Ho har designa bygningar med godt fungerande løysingar, i gode material, som syner framifrå detaljering, handverksmessig utføring og uttrykksfylde.
Kristin Jarmund, som tok diplomen sin ved NTH i 1979 og starta Kristin Jarmund Arkitekter AS i 1985, har tidlegare fått høge prisar som Houens Fonds Diplom og Statens byggeskikkpris, og no kan ho juble på nytt.
– Veldig hyggelig! kommenterer Jarmund til Arkitektnytt, som gler seg over heidringa og dreg sterkt fram kontoret. – Utan det var det ikkje blitt til noko.
Om æresmedlemskapen vil få konsekvensar for karrieren?
– Det har eg ikkje rokke å tenkje på, men det kan jo vere at eg treng nye visittkort, svarar Jarmund leande.
Les meir om dei seks æresmedlemmane på heimesida til AIA.