Nyheter
Krisa er over, trur Arkitektbedriftene
– Finanskrisa verkar ikkje negativt for arkitektane i dag, seier Egil Skavang, administrerande direktør i Arkitektbedriftene, til Dagens Næringsliv.
5. november 2010
Skavang melder optimistisk at bemanninga på norske arkitektkontor aukar jamnt. I Oslo-området har veksten vore på 5,2 prosent dei siste fire månadene. For heile landet ligg talet lågare, på rundt to prosent.
Årsaken til oppgangen er auka oppdragsmengde. Skavang dreg fram regjeringa si tiltakspakke som eit viktig bidrag til å halde aktiviteten oppe.
Sysselsetjinga blant arkitektane ligg no fem prosent under toppnivået fra tida før krisa. Slik stoda er i dag, blir det utdanna for få arkitektar i Noreg, slår den enno nytilsette direktøren i Arkitektbedriftene fast.