Klimameldinga varslar skjerpa energikrav
Den mellombels stortingsmeldinga frå Miljøverndepartementet om norsk klimapolitikk har krav om passivhusstandard frå 2015.
Klimameldinga på 280 sider presenterer det globale klimaproblemet og regjeringa sine ambisjonar for eit internasjonalt samordna møte med utfordringa, der arbeidet for karbonprising vil vere «vårt viktigste virkemiddel i arbeidet mot de globale klimaendringene,», som det heiter.
Elles er den nasjonale skogpolitikken viktig av di skogen bind karbon og er ei kjelde til fornybar energi. Vidare vil regjeringa styrke Enova og satse meir på kollektivtrafikk.
For ein meir klimavennleg byggsektor
Når det gjeld byggsektoren, varslar regjeringa ei skjerping av energikrava i den byggetekniske forskrifta, til passivhusnivå i 2015 og «nesten nullenerginivå i 2020», innføring av komponentkrav for eksisterande bygg og å fase ut fossile brensle.
Klimagassutsleppa frå oppvarminga av hus skuldast bruken av fossile energikjelder. I dag kjem om lag 7 prosent av energien til oppvarming av hus frå olje, elles 7 prosent frå bioenergi, 4 prosent frå fjernvarme og mellom 70 og 80 prosent frå elektrisitet. Oppvarminga varierer ein del frå år til år, men i snitt står ho, saman med produksjonen av fjernvarme, for 5 prosent av dei samla norske klimagassutsleppa.
«Framtidens byer» viser veg
Framtidens byer er eit prosjekt for klimavennlege bygg og byområde, med tretten norske byar som deltakarar. Satsinga er ifølgje stortingsmeldinga eit viktig tiltak i god gjenge for auka kunnskap. Prosjekta for Oslo og Drammen går under namnet FutureBuilt og har sitt eige sekretariat. Dei elleve andre går under namnet Framtidens bygg og administrerast av NAL Ecobox og Lavenergiprogrammet.
Krava til pilotprosjekta i Framtidens byer er «minimum passivhusstandard» og klimavennlege material som ikkje er for langreiste. Klimagassutsleppa skal halverast i høve det vanlege.
KRD-innskjerping
Kommunane kan bruke handlingsrommet sitt til å ta initiativ i arbeidet med klimatiltak, heiter det i stortingsmeldinga frå Miljøverndepartementet.
No har òg Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) ansvar for plan- og bygningsloven, og KRD har sendt ut ei eiga pressemelding der ministar Liv Signe Navarsete peikar på potensialet som ligg i innsparingar i energibruken i byggsektoren generelt.
– Heile 40 prosent av energibruken vår er i bygg, og ifølgje klimapanelet til FN er energieffektivisering av bygg eit av dei viktigaste og mest kostnadseffektive tiltaka for å redusere klimagassutsleppa globalt, seier Navarsete.
I Noreg blir rett nok ein stor del av energibruken i bygg dekt av elektrisitet, såkalla rein energi, men innsparingar kan overførast.
– Energieffektivisering av bygg i Noreg vil kunne frigjere elektrisitet til bruk i sektorar som no brukar annan energi. Det gjer det mogleg å redusere klimagassutsleppa der. Redusert energibruk i bygg kan dessutan styrkje forsyningstryggleiken for straum, heiter det frå statsråden. Statsråden gjer det klart at ho ventar oppfølging av dette.
– Mange bygg har allereie ein betre energistandard enn krava som gjeld i dag. Når vi no melder frå i god tid om endringar, reknar eg med at byggnæringa er klar til å byggje meir energieffektivt bygg om nokre år, uttalar Liv Signe Navarsete.
Klimameldinga ligg her.