Nyheter
NLAs haustkonferanse:
Kampen om landskapet
– Kva er kulturlandskap? spør Thea Kvamme Hartmann, ein av studentane som har kome med Hurtigruta til haustkonferansen NLA Sogn og Fjordane arrangerer i Florø. Ikkje alle tek ironien i spørsmålet.
2. november 2006
"Rike Noreg kan berre bombardere andres kulturlandskap, men hegnar om sitt eige." (Høyrt på Haustseminaret i Florø.)
Ho er fascinert av landskapsurbanisme og tykkjer det vert mykje ubegripelege tal og terawatt når tidlegare leiar i naturvernforbundet, Erik Solheim, legg fram sitt syn og sine foilar om vindkraft. Vindmøller er tema, og studenten tykkjer det er ei merkeleg semje om at vindmøller er fysj.
– Det er noko poetisk over vindmøller, der dei står og fangar energi. Det er ikkje nok motargument at ein mann i ei hytte ser noko han ikkje liker. Vi kan ikkje verne alt, då mistar det verdien sin, meiner ho og er litt overraska over at så få spørsmål vert stilla.
– Men eg har jo òg respekt for landskapet, legg ho til.
Buffersoner
Kristin Terkelsen er rådgjevar i Rogaland fylkeskommune, og arbeider med fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland. Tre små er allereie bygd, i tillegg har 27 fått konsesjon og 16 andre har søkt.
Rogaland er det første fylket som lagar ei omfattande, seriøs konsekvensanalyse med omsyn til kva vindkraftanlegg vil ha å seie for landskapsbiologisk mangfald, reiseliv, landbruk, forsvar, klimagassar m.m..
– Først skilde vi ut nei-områda. Ei vindmølle kan ikkje stå nærare enn 100 meter frå eit fornminne, 500 meter frå ei kyrkje, 1000 meter frå landskapsvernområde, forklarer ho.
Dei er så ubegripeleg store! Skal ein jage dei ut i urørt natur? Tryggingsperspektivet er vrient, det har hendt at eit blad har losna og deisa i bakken. Kven har ansvaret for skadar på folk og eigedom? Ingen veit. Alle trekker på skuldrene.
– Nasjonale retningsliner skulle ha kome for lenge sia, meiner Terkelsen.
Det har òg vore vurdert å sette vindmøller ute i havet, men det er lite aktuelt i Rogaland, dei treng grunnare havområde dersom dei skal stå på botnen.
Så langt er det berre Hordaland som har laga ein fylkesplan (2001), men den er langt frå så grundig som den Terkelsen no arbeider med.
Landskapssynfaring
– Det hadde vore spennande å vere med å planlegge ein vindmøllepark, møller i kupert landskap kunne til dømes hatt ulik lengde, så toppane vart like høge, fabulerer Frode Røynesdal, landskapsarkitekt i Fortunen AS i Bergen. Han tykkjer elles det er vanskeleg å vere for eller imot vindmøller generelt. Men han forstår ikkje kvifor dei må stå i urørt natur. Han har sett vakre anlegg, til dømes i England.
– Dei stod på ei lang rekke, vi passerte mellom dei, som ein portal, det var flott!
Etter ein lang dag i møtesalen tek lokale båtar med studentar og andre seminardeltakarar utover mot Kinn, forbi Stabben fyr, mellom øyer som har god plass til vindmøller, men det er i grunnen flott utan. Under gamle eiketre ved Kinnakyrkja vert eplesider av løyndomsfullt opphav servert, Thea Kvamme Hartmann smiler:
– Dette er iallfall kulturlandskap!

Mange vil ha ein bit av landskapet, både visuelt og ikkje minst økonomisk. Landskapet er ei råvare for reiselivet. Noreg er ei grøn, urørt lunge for resten av Europa, sa Bjørn M. Bjerke i NHO Reiseliv på Haustseminaret og viste korleis kysten kan verte sjåande ut.

Landskapsarkitekt Frode Røynesdal på veg ut i eit vindfullt kulturlandskap som til no har gått fri vindkraftutnytting.