Jenkar på kvalifiseringskrava
Nye endringar i anskaffelsesforskriften opnar for at arkitektbedrifter kan kvalifiserast til kommunale oppdrag med prosjekt frå over ein større tidsperiode enn tre år.
Anskaffelsesforskriften
Forskrift om offentlige anskaffelser, som også dekkjer arkitektoppdrag, blei endra 1. januar 2017. Forskrifta slår fast at ein kommune skal be om tre referanseprosjekt frå dei siste tre åra ved utlysing av arkitektoppdrag. Denne erfaringa kan kvalifisera eit arkitektkontor til eit oppdrag. Kritikarar av reglane seier at tre år ar altfor kort tid for arkitektbransjen. Dei nye endringane opnar for større fridom: Dersom det er naudsynt for konkurransen sin del, skal ein kommune vurdera å ta i betraktning erfaring frå lenger enn tre år, heiter det i § 16-6 første ledd, bokstav b. I samband med nye reglar ønskjer bransjeorganisasjonen Arkitektbedriftene å påverka vegleiaren som Næringsdepartementet nå utabeider.
BAE-rådet
Rådet for bygg, anlegg og eiendom består av dei største bransjeforeiningane i sektoren. Rådet, som representerer alt frå arkitektar til enterprenørar, har årlege møte med næringsministeren. Eit av temaa på årets møte var offentlege innkjøp si rolle for verdiskaping, arbeidsplassar, klima, forsking og utvikling. Dei åtte bransjemedlemma er Arkitektbedriftene, Byggenæringens landsforening, Maskinentreprenørenes forbund, Norges bygg- og eiendomsforening, Norsk eiendom, Nelfo, Rådgivende ingeniørers forening og Virke byggevarehandel.
Kjelder: www.nbef.no og Næringsdepartementet
Ein ny formulering i anskaffelsesforskriften er svært interessant, spesielt for små og mellomstore arkitektkontor: Norske kommunar kan spør etter referanseprosjekt frå meir enn tre år tilbake. Nå vil Arkitektbedriftene påverka vegleiaren Nærings- og fiskeridepartementet utarbeider i samband med dei nye endringane.
– Dagens praksis snevrar inn muligheitene
Når kommunen opptrer som bestillar i samband med for eksempel ein ny skule, stiller dei strenge krav til arkitektane sin portefølje. For å vera kvalifisert til skuleoppdrag, ber kommunen om tre referanseprosjekt dei siste tre åra. Ofte trur kommunen at desse prosjekta må vera identiske med det framtidige oppdraget, ifølgje Arkitektbedriftene, altså at arkitektkontoret må ha gjort tre skuleprosjekt dei siste tre åra for å kunna teikna ein skule. Dette stemmer ikkje.
– Den strenge praksisen snevrar inn muligheitene til mange små og mellomstore arkitektkontor, ifølgje juridisk rådgjevar i Arkitektbedriftene, Anette Sørby Bakker..
Arkitektbedriftene er positive
I BAE-rådet (Rådet for bygg, anlegg og eiendom) sitt årlege møte med næringsminister Monica Mæland, uttrykte administrerande direktør i Arkitektbedriftene Egil Skavang si bekymring for kommunane si praktisering av kvalifikasjonskrava. Skavang er positiv til næringsministeren sin respons.
– Kommunane praktiserer regelverket på feil måte. Mæland forstod problemet og sa at ho skal senda brev til kommunane der ho klargjer praktiseringa av reglane, seier Skavang.
Ifølgje Skavang uttrykte Mæland konkret at ho, om naudsynt, vil endra forskrifta.
Regelendringane gir større fridom
– Mange arkitektkontor blir diskvalifiserte, seier juridisk rådgjevar Bakker.
– Konsekvensane er ein svært spesialisert bransje.
Men endringane i anskaffelsesforskriften gir altså kommunane større fridom til kva krav til referansar dei kan stilla til arkitektar som vil kvalifiserast til oppdrag. Nå nyttar Arkitektbedriftene høvet til å påverka den framtidige praktiseringa av oppdatert forskrift.
Porteføljen må tilsvara erfaring
I samband med dei nye endringane i anskaffelsesforskriften arbeider Nærings- og fiskeridepartementet nå med ein vegleiar, som Arkitektbedriftene ønskjer skal få ei arkitektvennleg utforming.
– Ved bestilling av intellektuelle tenester, med prosjekt som er bunde opp i mange år, bør kommunen alltid spørja etter portefølje frå minst 5 og gjerne til 10 år, seier Bakker.
Når prosjekta går over så mange år, vil det vera betre for alle partar dersom krava til kvalifisering samsvarer med firmaa sin faktiske kompetanse og erfaring, fastheld ho.
– I praksis er det mange viktige oppgåver som mindre arkitektkontor ikkje får ta del i. Me tar tak i det nå fordi me ser at det er ein muligheit for å få presisert dette i vegleiinga til anskaffelsesforskriften.
EU vil få mindre aktørar banen
Endringane, som kom i eit EU-direktiv i 2014, tredde i kraft 1. januar. Den nye forskrifta er i større grad bearbeidd og tilpassa norske forhold, ifølgje juridisk rådgjevar Bakker. Dermed blir den også litt lettare tilgjengeleg.
– Bakgrunnen for at EU ville endra desse reglane, var å få nettopp små og mellomstore arkitektkontor på banen, presiserer Bakker.
Nå presiserer også forskrifta at lista over krav kommunane kan stilla til arkitektar for mulege oppdrag, er uttømmande.
Næringsminister Monica Mæland var ikkje tilgjengeleg for kommentar.