Internatgrend omkring eit fellestun
Aursand og Spangen AS vann konkurransen om nye elevbustader til Toneheim folkehøgskole.

Fire kontor var med i tevlinga om å forme nye internatbygg til folkehøgskulen på Hamar: Anderssen + Fremming AS, Aursand og Spangen AS, Element Arkitekter AS og Jensen & Skodvin Arkitektkontor AS. Dei leverte gode framlegg og presentasjonar med klart uttrykk for engasjement, ifølgje den nøgde juryen.
Bidraga har hange på utstilling i ein korridor på skulen. Fleire var gode nok til å vinne, men til slutt samla både tilsette, elevar og jury seg om framlegget frå Aursand og Spangen. Namnet på vinnerprosjektet var «con anima», eit musikkuttrykk høveleg for staden.
Konseptet byggjer på gjentaking og variasjonar over eit tema, for å bli i musikkspråket, det vil seie med einingar lagt kring eit tun, slik at ein lita grend veks fram. Einingane er utrusta med eit allrom attåt soveromma, medan et trappetårn gir formmessig karakter til husa. Tunet får mellomsoner, små benkar og stiar, og sjølvsagt vegetasjon.
Internatbygga er planlagte for passivhusstandard gjennom kompaktløysingar, kjeding, vindauge med låge u-verdiar, termisk treigheit, bruk av avtrekksvifte og solfangar, satsing på balansert ventilasjon med varmevekslar, og med orientering etter himmelretningane. Prosjektet kan lett realiserast i trinn.
For Aursand og Spangen AS teikna Ola Spangen, James Watkins, Katrine Aursand og Dag Spangen, medan miljøkonsulent var Andrew Holt i Architectopia og landskapsarkitekt Anne Truelsen Schultz i At-Site Urban Planning & Landscape Design.
Arkitektar i juryen var Ola Aasness og Per Olav Pedersen.
