Innovasjonspris for universell utforming
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har oppretta den første norske prisen for nyskapande universelt utforma produkt. Arkitektar av alle slag kan få han.
– Prisen er ein del av visjonen for eit universelt Noreg innan 2025, eit samfunn som er lagt til rette for alle. Universell utforming er naudsynt for nokre og ein føremon for alle, ved at ein byggjer ned barrierar, seier konstituert ministar Tora Aasland i pressemeldinga frå departementet.
Prisen skal heidre bedriftar/institusjonar og arkitektar/formgjevarar innanfor kategoriane arkitektur, uteområde og landskap, transport, produktdesign, møbel og interiør, og interaksjons- og tenestedesign. Prisen er altså like aktuell for alle typar arkitektar, både sivilarkitektar, landskapsarkitektar og interiørarkitektar, attåt møbeldesignarar og andre profesjonistar.
Universell utforming er ein «innovativ strategi» der ein må vurdere alt på nytt hele tida. Teknologi, kunnskap og haldningar er i rask endring. Prisprodukt må vere i bruk, vere nyskapande og vere eit gode for alle.
Fristen for å nominere går ut i mai. Norsk Designråd har ansvaret for å styre prisprosessen. Overrekkingane skjer på DogA i november i år.
Fleire kriterium og meir informasjon kjem frå Norsk Designråd: http://www.norskdesign.no/innovasjonsprisen/category8752.html