Hurra for RUNDBALLEN
I sommar fekk biletkunstnar Magne Vangsnes ein ny og uvand reiskap i hendene: 25 eigenrådige, men kreative og smågalne bønder. Lerretet er ei av dei vakraste bygdene i Sogn. Og så hadde han 10 000 rundballar til rådvelde.
RUNDBALLEVISA
Rundballevisa vart til under ein ferjetur
frå Fjærland til Hella sist på 80-talet.
Ja, me so e' bønder ha' fengje da bra,
– rundballeri, rundballera!
No slepp me å slita, og hala og dra,
– rundballeri, hurra!
Farvel gamle silo, med talja og styr,
du vert ikkje sakna tå folk elle' dyr!
– Rundballeri, rundballera, rundballeri hurra!
Når graset e' grønt, og so passeleg stort,
– rundballeri, rundballera!
So slær me da ned, so me allti' har gjort,
– rundballeri, hurra!
Men so lyt me ve'dar, og badla i hop,
for rundballesilo e' kyræ sitt snop!
– Rundballeri, rundballera, rundballeri, hurra!
Og når me har fenge oss arvingar nok,
– rundballeri, rundballera!
Og tykkje' at me har ein høveleg flokk,
– rundballeri hurra!
So slepp me å kjøpa på dyr prevensjon,
med rundballeplasten til disposisjon!
– Rundballeri, rundballera, rundballeri hurra!
Og når eg ska' gravast, med pomp og med prakt,
– rundballeri, rundballera!
So vil eg ve' pynta i rundballedrakt!
– rundballeri hurra!
Og visst dei spandera' ein tre-fira lag,
so står eg meg nok, te' dan ytterste dag!
– Rundballeri, rundballera, rundballeri hurra!
Tekst: Ottar Wiik
Mel.: trad.
I dagevis har bøndene i Fjærland drive med snodig presisjonskøyring med traktorane sine. Med kart på rattet og finjustert hydraulikk vert «traktoregga» sirleg plasserte i mønster, som kvite perleradar langs elva, langs steingjerdet, langs usynlege liner i landskapet.
Kunst for fuglane
Det er femte gongen bøndene i Fjærland arrangerer rundballefestival, men dette er første året med profesjonell hjelp utanfrå.
– Bøndene her har ei fantastisk evne til å løfte i flokk. Men det har ikkje vore berre enkelt, innrømmer Land Art- og biletkunstnar Magne Vangsnes. Han har jobba mykje med grafikk, dette har vore som å skjære i ei treplate full av kvist – med ein sløv kniv. Reiskapen vert vanskeleg å styre. Han har måtta revurdere og kompromisse, men så vart det vellukka lell. Lagar han kunst for fuglane? spør folk. For dei òg, svarer Vangsnes. Det er vorte ti kilometer kunstverk.
– Eg har ikkje sjølv sett det frå lufta, berre oppi hovudet mitt. Men i dag så eg flyfoto, og det fungerer for fuglane!
Ideen er ikkje meir komplisert enn å plassere rundballar i harmoni og samsvar med linene i landskapet. Bønder er dei flinkaste landskapsformarane, meiner Vangsnes.
– Eg har hatt regien, og bøndene har stort sett gjort som eg ville. Og eg har fått flotte tilbakemeldingar frå dei – at dette vart fint! Og dei har kome med innspel: Skal vi ikkje legge denne lina litt annleis? Bøndene i Fjærland er aktive, erfarne og modige. Eg har vore heldig som har fått låne landskapet her. No skal dei få det att, seier han og gjev kartet attende til ein av dei.
Helse i kvar rundball
– Hurra for landskapet! seier Per Fugelli, som er komen til Fjærland for å fortelje kvifor vi kan bli sjuke av det stygge, og at vi kan bli glade av rundballar. Vi lever i naturen og av naturen.
Rundballane er eit godt bilete på samspelet mellom menneske og natur. Attgrodd landskap er trist og tomt, det forplantar seg i mennesket.
– Det har med leikelyst å gjere. Det er fandenivaldsk og leikent, det er modig og flott å gjere rundballar til smykke i naturen, seier professoren i sosialmedisin. Helsa vår er lenka til naturen og kulturlandskapet. Naturen lærer oss å vere audmjuke. Den slår attende. I all vår hybris, vår tru på lidenskap og teknologi, på kontroll over naturen og designa liv – vi trur mest vi er Gud.
I 2004 viste naturen musklar i Fjærland, enorme stein- og gjørmemassar la seg som eit seigt teppe over garden til Eirik og Gunn Øygard i Supphelledalen. Husa berga – so vidt. Fordi rundballane til bonden la seg som eit dike framfor dei.
– Slik kan vi lære å godta at vi sjølv – og andre – er ufullkomne. Forsone oss med at noko fælt kan skje. Godta smerta vår, endre det vi kan og le av resten, seier Fugelli.
Bønder skaper landskap
Bondelagsleiaren Johannes Eggen Mundal både leikar og ler, og tykkjer det har vore interessant å samarbeide med Magne Vangsnes.
– Han er flink å kommunisere med folk, seier han og fortel om den gongen for fire år sia då Vangsnes deltok på eit bondelagsmøte og snakka om kunsten i landskapet.
– Vi såg ut vindauget på bygdahuset, på mønster etter kalkspreiing på jorda. Nokre bønder spreidde – medvite eller ikkje – den svarte Odda-kalken i flotte sirklar, andre brydde seg ikkje. Det var ein skikkeleg vekkar for mange.
Vangsnes tykkjer det er fint om bønder vert meir medvitne korleis dei steller kulturlandskapet, og at dei får det til å sjå pent ut, til dømes når dei lagrar rundballar. Han vil vise at rundballar er vakre, nett som kornstaurar og hesjer; ingen tenkte på at dei var stygge.
– Før måtte bøndene samarbeide med landskapet, dei skapte noko vakkert utan at dei strevde for å gjere det fint. Rundballar skal ligge pent, ikkje i ei røys. Då er det lettare å ta dei att også, slår kunstnaren frå Vangsnes i Sogn fast.
Lengt mot naturen
Vangsnes har lagt merke til at Land Art-kunstnarar i Noreg stort sett kjem frå bygda, medan det er tvert om i USA. Der er det folk frå storbyane som driv med slikt, dei tykkjer natur er eksotisk. Men enn så lenge ikkje i Noreg, til og med Oslofolk har Nordmarka utanfor stovedøra.
Fugelli er samd, Noreg er ikkje urbanisert enda. Vi har framleis eit nært forhold til naturen, den er ikkje noko framand og skremmande.
– Nordmenn kjem stadig attende til naturen når det er snakk om kva som gjev god helse. Det å høyre til ein stad, vere ein del av eit landskap der dei trivst og finn fred og ro. Venleik, fridom og leikelyst er helsebringande. Mange fortel at dei vert som eit nytt menneske på fjellet. At dei kan gå i fjæra og kaste sorgene sine på havet. Eg ser verdi i alle typar natur, i alle typar landskap. Kulturlandskap er bra for helsa, slår Fugelli fast.
Traktorballett
Så tonar Svanesjøen frå høgtalarane, og tre traktorar kjem sakte dansande mot kvarandre med rundballar både bak og føre. Bak rattet på den eine sit Anders K. Mundal, som òg har vore med på rundballeutsmykkinga. Han tykkjer det har vore veldig OK.
– Vangsnes har tilpassa seg vore behov. Mange tykkjer det er tøys, men er ikkje det litt av poenget da, at det skal vere litt tøys? smiler han og sveipar den eine rundballen høgt i lufta, i takt med dei to andre.
– Dette er estetikk. Vi viser at ein traktor ikkje berre er vulgær og maskulin, legg han til.
– Det var rett før eg tok til tårene, seier ei eldre dame etter «Traktorballett med rundballar», og det er uråd å vite om ho meiner det eller tøysar. Vangsnes er imponert, men innrømmer at han er litt lei rundballar no. Iallfall var han det fram til i dag.
– Eg har kjend kvalme kvar gong eg har køyrd forbi rundballar i heile sommar, men mest på grunn av ansvaret. Vert det suksess eller fiasko? Der er det syltynn grense. Ein rundball vert aldri meir det same for ein som har sett perlesnorene under breen i Fjærland.

