Hotell Union Øye i boks
Riksantikvaren, som i februar skreiv til Ørsta kommune og bad om betre planmateriale for nybygget til hotellet, har vitja staden og sagt seg nøgd.
I brevet, datert 14. februar, gjorde Riksantikvaren det klart at han ikkje kunne tilrå prosjektet ut ifrå dei framlagde planane for plassering og storleik. «Planframlegget og dei skissene som følgjer med det, viser i svært lita grad korleis nybygga vil visast i landskapet på nært hald og frå lengre avstand,» heiter det.
Søraustgavlen til det gamle hotellet burde vere synleg frå innfartsåra i aust. Difor måtte tilbygget flyttast. «Det er først når den nye bygningen søkjer å framheve og synleggjere den gamle, at han samtidig underordnar seg han.»
Planmaterialet opplyste ikkje saka godt nok til at Riksantikvaren kunne ta stilling til om kulturminneverdiane knytt til Hotell Union Øye, vart tilstrekkeleg ivaretekne. Han var ikkje imot nybygget i seg sjølv, men bygingen måtte «visualiserast, problematiserast og planleggast med utgangspunkt i den vinkelen som blir mest kritisk for det gamle hotellet i framtida – innfartsåra frå aust».
Med innspelet sitt gjekk Riksantikvaren i dialog med Ørsta kommune og utbyggjar om ei vidareutvikling av planane med sikte på «ei utbygging der det nasjonalt verneverdige hotellet vert ivareteke saman med eit godt fungerande og godt tilpassa nybygg».
Ifølgje bygg.no har Riksantikvaren no, etter vitjing på staden i mars, kome til at nybygget «vil fremstå klart atskilt» og sagt seg nøgd med planane utan innvendingar. Dermed kan sjølve bygginga kome i gang, men rett nok ikkje før neste haust. Målet er å opne nybygget våren 2013.