Heilt betong-elementært
Ratio Arkitekter AS og Niels Torp AS får kvar sin betongelementpris 2012 under ei betongfokusert tilstelling 24. oktober.
Staden er Quality Hotel 33, eit transformert naturbetongbygg i Østre Aker vei 33 i Oslo, teikna av Erling Viksjø, bygd i 1968 som administrasjonsbygg for Standard Telefon og Kabelfabrik A/S, no eit «funkishotell» med Olavsrosa-premiering.
Betongtavlen 2012 blir overrekt arkitektane bak Trollstigplatået. Om denne kåringa, sjå eiga sak på arkitektnytt.no (http://www.arkitektnytt.no/betongtavlen-2012-til-trollstigplataet).
Etter prisutdelingane og vinnarprosjekt-presentasjonane held journalisten Hugo Lauritz Jenssen foredraget «Brutal, poetisk og utfordrende – Erling Viksjø fra Høyblokken til STK/Hotel 33». Vil du vere med på betongtilstellinga, som tek til klokka 14, meld deg til byggutengrenser.no innan 18. oktober.
Så til dei to vinnarane av Betongelementprisen 2012, Ratio Arkitekter for utforminga av Konserthuset i Stavanger og arkitektkontoret Niels Torp for Vulkan Søndre Kvartal, Oslo.
Konserthuset i Stavanger
Det nye kulturbygget i vestlandsbyen, teikna av Ratio Arkitekter AS, ligg mellom Bjergstedsparken og det sentrale sjørommet Vågen og inneheld publikumsfoajé og to salar med komplementære utformingar.
Materialbruken er særs medveten, seier juryen og dreg fram bruken av raudfarga betongelement, laga av sement med jernoksid, Drammensgranitt og raudt glas frå Tyskland. Denne innovasjonen gjer folk nysgjerrige på huset.
Vulkan Søndre Kvartal i Oslo
Eit gammalt industriområde ved Akerselva i hovudstaden er blitt utvikla til ein ny bydel med bustader, kontor, butikkar og to hotell med Niels Torp AS i ei hovudrolle.
Juryen peikar på bruken av nye material, ikkje minst såkalla fiberbetong (GRC) i fasadane, sjeldsynt i Noreg. Arkitekten har utnytta potensialet, med presise fuger og skarpe hjørne, noko som hevar kvaliteten på arkitekturen.
I juryen bak utdelingane av betongelementprisane sat dei to NAL-oppnemnte arkitektane Annema Selstrøm og Kaj Lea i hop med Lars Jåvik frå RIF og John-Erik Reiersen frå Betongelementforeningen.