Haukerød skole går til hauk og due
Framlegget «Hauk og due» frå L2 Arkitekter AS og Østengen & Bergo Landskapsarkitekter AS peika seg ut som ein klar vinnar i anbodskonkurransen om nye Haukerød skole i Sandefjord kommune.

Anbodskonkurransen likna mykje på ein plan- og designkonkurranse. Arkitektoniske løysingar vog 70 prosent, pris 20 prosent og prosjektgruppe 10 prosent. Den nye skulen i Sandefjord skal ha plass til 450 elevar på barnetrinnet og rundt 60 tilsette med eit areal på 6400 kvadratmeter, bygd på tomta til gamleskulen, med 600 kvadratmeter lagt til eit skuletilbygg frå 1997. Kommunen stilte krav om arealeffektivitet, universell utforming og miljø med energibruk på maksimalt 105 kWh/m2/år.
Etter open prekvalifisering vart fem grupper inviterte til å tevle: L2 Arkitekter AS + Østengen & Bergo Landskapsarkitekter AS (Oslo); Børve og Borchsenius AS + Feste Grenland AS (Porsgrunn); Arkitektgruppen Lille Frøen AS + Bjørbekk & Lindheim AS (Oslo); Link signatur AS + Link landskap (Bergen); Arkitektene Vis-à-vis AS + Agraff AS (Trondheim), og alle fekk 200 000 kroner for jobben.
Vinnarutkastet «Hauk og due» frå L2 Arkitekter og Østengen & Bergo Landskapsarkitekter kjem alle hovudutfordringane i møte, meiner juryen. Det syner gode, intime soner utandørs og vilje til å eksperimentere med uvanlege grupperom innandørs.
– Interessant egenkarakter
Skulen er skissert som eit kompakt anlegg i tre etasjar. Den konsentrerte bygningskroppen har eit lite fotavtrykk som gir plass for grøne buffersoner mot naboane på alle kantar, og gjer det mogleg for bygget å innfri energi- og miljømålet utan endringar i konseptet. Bygget har ei tydeleg inngangsside mot Raveien. Lekeskogen er teke vare på, og uteareala er medvetent forma.
Undervisningsareala er greitt ordna ikring aulaen og amfiet, med korte og effektive gangavstandar. Aulaen er i seg sjølv «ideelt organisert», seier juryen, som held planløysinga for å vere eit «meget godt svar på oppgaven, både i sitt hovedgrep og i de enkelte bestanddeler». Parallelle saltak gir ein karakteristisk silhuett til bygget, og med enkle verkemiddel får skulen ein «interessant egenkarakter». Men uttrykket er kan hende litt bastant. Juryen vil at formspråket skal kome barna litt meir i møte.
For L2 Arkitekter prosjekterte Jon Inge Bruland, Jon Flatebø, Ivar Lunde, Line Woxen, Meriadek Jan, Sunniva Simonsen og Mikael Ross. For Østengen & Bergo teikna Camilla Vik, Ann Kristin Viken Almås og Kari Bergo.
Av ni medlem i den einstemmige juryen hadde Norske arkitekters landsforbund utnemnt MNAL Leif D. Houck og MNAL Haavard Skarstein, medan Norske landskapsarkitekters forening hadde peika ut MNLA Harald A. Olsen.
