Nyhet

Haga & Grovs metode

Årets vinnarar av Arkitekturprisen vil ha sykkelavstand mellom skisser og spadestikk. Hilde Haga og Rune Grov finn nemleg ekte glede i byggjeplass.


Arkitektane Rune Grov og Hilde Haga i Haga & Grov har teikna hytta til Finn-Bjørner Romsøe (til høgre). Dei fekk oppdraget etter at Romsøe og kona gjekk forbi arkitektparet sitt hus, som dei har teikna sjølve. Nå bur Romsøe på Holmegenes. Foto: Hanna Maria van Zijp

Haga og Grov

Hilde Haga (f. 1964)

  • Utdanna sivilarkitekt frå dåverande Norges tekniske høgskole (1989).
  • Arkitekterfaring frå Sevilla, Karin Finne landskapsarkitektur og Koordinator arkitekter (seinare White) i Stockholm.

Rune Grov (f. 1957)

  • Utdanna sivilarkitekt frå dåverande Norges tekniske høgskole (1985).
  • Arkitekterfaring frå Hoem, Kloster og Jacobsen i Stavanger, Østgaard arkitekter i Oslo, Atelier Pontvik og Koordinator arkitekter (seinare White) i Stockholm.

Stavanger, ein dag i mars for nokre år sidan: Hilde Haga og Rune Grov har nettopp kome til Olav Nilssons gate etter ein nervøs sykkeltur frå kontoret. Blant kvite trehus ser dei opp mot ein stillaskledd byvilla. Denne ettermiddagen i mars er heilt spesiell: Det er første gongen murarane tar ned stillasa frå byvillaene på Holmegenes. Og idet det skjer, skin varm sol på den avdekte teglfasaden. Haga og Grov, som med arkitektonisk pondus hadde overtydd byggherre om å velja den dyre, danske teglen, pustar med magen igjen. 

– Det var akkurat sånn og endå litt til av det me hadde håpt på – at den varme fargen i teglen kom fram. Alle dei andre var litt for sure i gultonen sin, seier Grov i Haga & Grov.

Stavanger, Haga & Grov

Det er litt vanskeleg å finna Haga & Grov. Det beige bygget er anonymt, på grensa til surt i gultonen sin. Men i første etasje kan forbipasserande spotta nokre kvite modellar i vindauget. Ved døra kan den detaljfokuserte til og med sjå namnet på ringjeklokka. Dei er einaste indikatorar på at eit prislønt arkitektkontor gøymer seg i Wessels gate. Det er her arkitektane Hilde Haga (55) og Rune Grov (62) sit, når dei snakkar om estetiske historier, stavangersk gründerstemning og det langsame faget arkitektur. Og dansk tegl på Holmegenes, som dei i haust fekk Arkitekturprisen for. Arkitektkontoret Haga & Grov er uløyseleg samanbunden med Stavanger by. Målet er at arbeida dei gjer, marknadsfører seg sjølve. Derfor har Haga & Grov fått prega både Rogaland med prosjekt som Statoil sitt gjestehus på Solastranda, infillbygget i Middelalderbyen i Stavanger sentrum, St. Petri menigheitshus samt ei rekkje bustadhus, hytter og rehabiliteringsprosjekt. Byvillaområdet Holmegenes, med sine seks tusen kvadratmeter, er det så langt største prosjektet deira. Med sykkelavstand til kontoret, er det eit ypparleg eksempel på Haga & Grov sin metode. Dei vil følgja den seige prosessen frå skisser til spadestikk. 

– Gleda ved byggjeplass, liksom, det er ikkje noko alle har. Det er eit heilt naturleg mål å kunna gå på byggjeplassen og sjå at skissene dine kjem opp her og der, seier Grov. 

Gleda ved byggjeplass

For sidan 1992, då Haga og Grov blei Haga & Grov, har arkitektane hatt kort veg frå teiknebord til byggjeplass. Det er derfor dei fortel om den dagen i mars for nokre år sidan, kor alt stemte. 

– Enkelt sagt vil me helst ha oppdrag mellom heime og kontoret, slik at me kan sykla innom kvar dag og følgja litt med, seier Haga. 

  Tilliten til å velja god materialitet, til å testa ut høg bukvalitet, lovpriser dei byggherren for. Det er slik Haga og Grov oppsummerer tretti års erfaring: Dei har ei nesten japansk takksemd for tilliten frå stavangerske oppdragsgjevarar. 

– Korleis har Stavanger forma dykk som arkitektar? 

– Byen har faktisk gitt oss ein god del unike moglegheiter. Me har fått lov å få setja eit avtrykk midt i Middelalderbyen utan nokon tilknytning til dei som eigde huset. Eg trur dei fleste oppdrag me får, dei får me mest basert på at nokon har sett noko me har gjort, som har fanga interesse, seier Haga. 

– Me har fått ein del tillit. Det er overraskande når du kikkar tilbake. Det er kanskje eit eller anna med stemninga, seier Grov. 

– Det er litt sånn gründerstemning i Rogaland, seier Haga. 

– Ja, kjem du ut på Jæren, så er jo annankvar bonde både bonde og oppfinnar, seier Grov. 

  Han held fram: 

– Jærbonden, eller folk frå dette distriktet, er ganske opne for folk. Dei spør liksom ikkje kva du heiter for noko, dei spør ikkje kva du har gjort, men dei spør: «Kva vil du? Kva vil du gjera her?» Og då trur eg dei er ganske opne for at du ikkje har så mykje erfaring, eller at du har det rette namnet eller sånt. Eg har eit inntrykk av at venner og kollegaer i Oslo, Trondheim og Bergen støyter meir på det, seier Grov. 

Haga & Grov sivilarkitekter MNAL

  • Arkitektkontor i Stavanger etablert i 1992, og består av 4,5 årsverk.
  • Vinnar av Arkitekturprisen 2019 for Holmegenes.
  • Mottok Stavanger kommune sin byggjeskikkspris 2011 for innfillprosjekt Hospitalgata 4 i Middelalderbyen og 2018 for Holmegenes, samt Houens fond diplom 2000 for Nordisk kunstnarsenter i Fjaler.
  • Har blant anna teikna Statoils gjestehus på Solastranda, St. Petri menighetshus, utsiktspunkt ved Svandalsfossen i Sauda, ei rekkje hytter, bustader, rehabiliteringsprosjekt og nybygg på eldre bustadhus.
Holmegenes består av 45 bustader fordelt på 14 byvillaer. Arkitekt er Haga & Grov ved Hilde Haga, Rune Grov, Vigdis Åsnes, David Skogvold og Jacob Hadler. Byggherre er Smedvig Eiendom og landskapsarkitekt er Klorofyll landskapsarkitektur. Foto: Sindre Ellingsen

Arkitekturprisen

  • Fagpris delt ut annakvart år av Norske arkitekters landsforbund (NAL).
  • Arkitekturprisen skal synleggjera, heidra og diskutera kva som er god arkitektur.
  • Vinnaren blir stemt fram av medlemmer i NAL.
  • I år innstilte alle lokalforeiningane i NAL 13 ulike prosjekt frå heile landet.
  • Prisen, som består av plakett og 100 000 kroner, blir delt ut under Arkitekturdagen.
  • Vinnar 2019: Haga & Grov for Holmegenes, byvillaområde i Stavanger.
  • Vinnar 2017: Haugen/Zohar arkitekter for U31, førsteheimsbustader til ungdom
  • i Oslo.
  • Vinnar 2015: Element arkitekter for D36 The Green House, bustadblokk i Oslo.

Stockholmsk pensum

Men det er ikkje berre Stavanger som har prega Haga & Grov. Åra i Stockholm, som dei emigrerte til på grunn av finanskrisa mot slutten av 1980-talet, var utviklande. 

– Byen er nesten eit oppslagsverk i byutviklingsepokar, slik at det du ser brotstykke av i Noreg, kan du sjå heile visjonar av, følte me, i Stockholm, frå dei eldste tider fram til eigentleg meir moderne planlegging av bustader. Kvar helg drog me rundt og såg på forskjellige område og kjende bygningar, fortel Haga. 

– To av våre absolutte favorittarkitektar…, seier Haga. 

Grov skyt inn: 

– … Det er jo verdas flottaste by, da, Stockholm. Den er jo heilt fantastisk, seier Grov. 

– … Både Asplund (Gunnar Asplund, 1885–1940) og Lewerentz (Sigurd Lewerentz, 1885–1975, journ. anm.) var me opptatt av på førehand som guruarkitektar, så det å reisa og sjå deira verk ordentleg, det brukte me ein del tid på, seier Haga. 

Derfor laga Haga og Grov sitt eige pensum med Stockholms stadsbibliotek, Villa Snellmann, Statens bakteriologiska institut, Skandiabiografen, Riksforvatningsbygningen og Lewerentz’ båthus på Djurgården. Kapella og dei andre små bygga på Skogskyrkogården, som Asplund og Lewerentz samarbeidde om, er kanskje dei aller beste eksempel. 

Den gode byggherren

Ved sida av jobbane i blant anna arkitektkontoret som nå heiter White, arbeidde dei med konkurransar. Suksessen på konkurranseprosjekta gjorde at dei drog heim til Stavanger. Og etter å ha vore gift og arbeidd saman i nesten tretti år, fullfører dei kvarandre sine setningar på ein måte som hadde gjort Ole, Dole og Doffen misunnelege.

– Ein god byggherre…, seier Grov. 

– … Er mykje viktigare enn type oppdrag. Dersom det er nokon som vil noko, er det litt det same for oss kva oppdraget går ut på, seier Haga. 

Grov held fram: 

– Eit påbygg på ein garasje for ein god byggherre, kan vera kjekkare enn signalbygg for ein dårleg byggherre. 

– Så kva er ein god byggherre? Er det ein tillit der?

– Tillit betyr veldig mykje, seier Grov. 

– Det betyr ikkje nødvendigvis at det finst uavgrensa med midlar, det har ingenting med saken å gjera, det er ein fornuftig økonomi i forhold til ønskje, seier han.

– Og så må det vera ein respekt der, seier Haga. 

– … Og så bør dei ha litt humor. Dei må kunna le av ting. Det er litt viktig, supplerer Grov. 

– Kvifor det? 

– Det er veldig mykje som kan skje under byggjing. Då skal du ha mot til å le av deg sjølv. 

Statoils gjestehus på Solastranda vender seg både ut mot havet og verda, og inn mot det lokale, jærske landskapet. Foto: Emilie Ashley

Arkitekten i totalentreprisen

Då er kontakten med byggherre viktig. Derfor trekk Haga fram totalentreprisen sitt inntog, det som for lekfolk kan forklarast med anleggsarbeid der ein entreprenør i avtale med byggherre tar seg av både prosjektering og sjølve bygginga. Haga og Grov meiner at det er viktig for arkitektane å teikna prosjektet langt og mest mogleg detaljert. For det er jo nettopp der djevelen er. 

– I takketalen under Arkitekturdagen, så sa eg at ein føresetnad for å få til prosjekt med ei slik detaljeringsgrad, er å få teikna prosjektet ferdig eller langt. Og så byrja folk å klappa, det kom veldig overraskande. Men det er tydeleg kvardagen til mange arkitektar, at det ikkje er sjølvsagt at du får vera med å teikna ting ferdig, seier Haga.

– Kva gjer det med faget?

– Eg tenkjer at det forflatar faget, seier Grov. 

– Det er i vår interesse å vera med og sy stinga, vera med og diskutera med blekkslagaren Det skal bli rikt når du kjem nær fasaden, seier han. 

– Me teiknar ikkje hus for oss sjølve, skyt Haga inn. 

Ho held fram: 

– Me skal hjelpa oppdragsgjevar. I totalentreprisen mistar du litt kontakten med byggherre.

– Men som arkitekt og ansvarleg søkjar, har me ansvar for det offentlege rommet, meiner Grov. 

Då Haga & Grov fekk oppdraget å teikna St. Petri menighetshus, var det viktig å sikra siktlinjer ut mot betonghagen på baksida, slik at ein får oversikt og kontakt mellom inne og ute. Foto: Haga & Grov

Heile familien i sving

Dessutan har dei ansvar for kvarandre. Haga og Grov jobbar tett, og bur i same hus. Korleis i all verda klarer dei det, eigentleg? 

– Det er jo eit spørsmål me får veldig, veldig ofte. Og det er som å jobba på ein gard, som halve Noreg har gjort. Det er eitt felles prosjekt og du har eit felles ønskje om å…, seier Haga.  

– … Eller som ein innvandrarbutikk før Rema og Rimi og sånt kom og overtok alt. Du ringjer på – og så kjem mor eller far eller ein av ungane ned og opnar, for det er utanom opningstid, men det kan likevel vera dei sel noko, og så er heile familien i sving…, seier Grov. 

– … Men det er ekstra kjekt når det går bra, skyt Haga inn. 

Ho held fram: 

– Og så er det litt mindre slitsamt om det er noko som går dårleg, og du kan få ei forståing for kva som knirkar. Du har eit fellesskap rundt fagleg utvikling. Det er ein slags fridom i det å ha sitt eige kontor i kva du har lyst til å jobba med. 

– Og så går det an å ha eit styremøte når du er ute og går tur, seier Grov. 

– Rundt Mosvatnet? 

– Ja, og om det er ekstra mange punkt, så går me berre ein runde til. 

Infillprosjektet i Middelalderbyen hentar opp materialitet frå sentrale bygg i Stavanger sentrum, for å kommunisera med ulike epokar i nærleiken. Foto: Emilie Ashley

Når Finn-Bjørner set seg ned

Den korte avstanden er dessutan viktig når prosjekt skal dragast i hamn. Haga fortel om korleis dei nesten får tunnelsyn på alt som skal løysast på oppløpssida. Og det er her den berømte teglen frå Danmark kjem inn. Den er del av ei estetisk historie, saman med boga møne, eikedørene og uteromma. Jo nærmare du kjem bygget, jo meir interessant skal det vera. Derfor betyr det noko korleis lyset skulle falla på veggene. Byggherren skjønte det, og skjønte det eigentleg ikkje, men stolte på arkitekten. Og etter å ha vore den som bestemmer og peikar på byggjeplass, er det plutseleg andre som overtar når prosjektet står ferdig. Den avstanden til prosjektet i etterkant gir perspektiv på resultatet, meiner Haga og Grov. At det ikkje blei så halvgale likevel når folk flyttar inn. 

– Det er jo det som eigentleg er prosjektet, å sjå at det fungerer slik me hadde tenkt, at folk trivst. Slik som når Finn-Bjørner kjem bort og set seg ned. At du ser at dei høyrer til her og har ei glede over å vera i området, forklarer Haga. 

– Så må du gje det frå deg ein dag?

– Ja, ein dag kjem du ikkje inn, då har du ikkje nøklar lenger, seier Haga. 

– Det er alltid ein overgang. Du er kongen på byggjeplassen, og så er det slutt, seier Grov. 

– Men du står ikkje og kikkar tilbake og grin ei tåre i avskjed. Heldigvis er det nye prosjekt du rullar vidare med.

Hilde Haga og Rune Grov speidar ut over Holmegenes, ein sykkeltur unna kontoret i Wessels gate i Stavanger. Å komma tilbake til prosjektet når folk har flytta inn, gir eit breiare perspektiv på resultatet. Foto: Hanna Maria van Zijp