- Grønt lønnar seg
Nye, miljøvennlege transportsystem i urbane strok er ikkje berre klimasmart, men lønnsamt, er refrenget på årets FutureBuilt-konferanse.
– På ein global marknad konkurrerer byane med kvarandre om å vera grønast – og dermed kven som kan tiltrekkja seg den beste kompetansen.
Det seier tidlegare transportsjef i New York, Janette Sadik-Khan, til Arkitektnytt. Onsdag heldt ho innlegg på årets FutureBuilt-konferanse på Union scene i Drammen. Årets tema er lønsemd. For livskvalitet i ein by kan målast i pengar.
– Gatene må kuraterast. Gatekvaliteten er viktig. Designen må vera god, slik at du føler deg velkommen, seier Sadik-Khan.
Rask utvikling
– På byrjinga av 1900-talet var gatene i New York fulle av folk. Før var gatene ei slags utvida stove. At bilen invaderte gatene, var ikkje tilfeldig, men resultat av ein medviten designstrategi, sa Sadik-Khan i innlegget sitt om dei gang- og sykkelvennlege endringane ho og tidlegare ordførar Bloomberg har gjort saman med Snöhetta.
– Det går an å få plass til både syklar, gåande og bilar – men ikkje tving dei til å slåst om areala. Dersom du lagar infrastruktur, vil folk sykla, var Sadik-Khans erfaring.
I løpet av seks år har byen blitt radikalt endra ved hjelp av måling, planter, steinar, bord og stolar. Resultatet er 60 nye opne plassar og 650 kilometer sykkelveg.
– Me gjorde det raskt, slik at ideane våre skulle bli handgripelege. Me har endra både bruken og folk si oppleving av kva gatene kan vera. Det er viktig å visa at det faktisk er muleg, sa Sadik-Khan.
Økonomisk drivkraft
Og det skal vera muleg. Å gi rom til gåande og syklande handlar ikkje om plassen dei har, men prioriteringar.
– Det er viktig at både mentalitetsendringane og dei fysiske endringane kjem samstundes, utdjupar Sadik-Khan til Arkitektnytt.
Det er landskapsarkitekt og sjef i Spacescape, Alexander Ståhle, samd i. Han har arbeidd med sykkelrelaterte prosjekt i fleire norske byar. Ståhle trekk også fram drivkrafta bak nye, urbane, klimavennlege transportsystem: At byane samanliknar seg med kvarandre.
– Kor den beste kompetansen flyttar til har med korleis byen kan konkurrera på livskvalitet. Den sosiale og økonomiske er ofte drivkrafta – så kjem miljø og klima på kjøpet, utdjupar Ståhle.
Gode val
Me skal altså bort frå den naturgitte rangordninga med bilen på trona.
– Psykologien snakkar om choice blindness. Eg må kjøra denne bilen, eg må byggja denne vegen. Me trur at me vil noko, men faktisk er det strukturen og samanhengen som tvingar folk til å ta det valet. Som Sadik-Khan nemnte, er det ingen naturlov som gjorde at bilen invaderte byen. Nå ser me resultatet av ein medviten struktur skapt for 80 år sidan. Me har fått det dei ville, men me ser at det ikkje blei så bra, forklarer Ståhle.
Janette Sadik-Khan er ikkje anti-bilist, men trur på gode valmuligheiter.
– Oslo kommune vil utvida E18. Kva råd har du til dei?
– Det er viktig å gjera investeringar som aukar kapasiteten i form av det faktiske talet på folk som reiser. Nå er det mange byar som tenkjer nytt om vegutviding og beveger seg bort frå den tidsepoken. Dei lagar energieffektive, smarte strategiar for folk, seier Sadik-Khan.
Kompakt er lønnsamt
At gode byrom gir vekst, gir brei politisk støtte, ifølgje Philipp Rode, direktør ved LSE Cities, London School of Economics. Kompakt urbanitet er lønnsamt, ifølgje Rode.
– Men kvifor gjer styresmaktene tunge investeringar i bilveg, trass råda om det motsette? spurte prosjektleiar i FutureBuilt, Stein Stoknes.
– Eg veit ikkje. Me er i ferd med å gå bort frå oppfatninga om at vegbygging gir økonomisk vekst. Det stemmer i nokon land, men ikkje tette, urbane strok. Der ser me at veksten minkar og er dermed motsett av produktiv, svarte Rode.