Grøn messehall i Stavanger
Askim/Lantto Arkitekter AS og Arkitektkontoret Gasa AS gjekk til topps i den avgrensa prosjektkonkurransen om ny messehall for utstillingsområdet Stavanger Forum, eit par kilometer vest for sentrum.
Stavanger kommune vil at den påtenkte hallen til skal bli eit framsyningsobjekt når det gjeld energi, miljø og arkitektonisk kvalitet. Da må bygget ikkje bruke meir enn halvparten av den energien som er vanleg for eit bygg av denne typen i Noreg i dag. Det er eit krav frå Enova. I Stavanger vil ein satse på fornybare energikjelder og ønskjer ei utforming og detaljering av bygningskroppen som hjelper til med sparinga, såkalla passive tiltak.
61 lag ville vere med i den grøne plan- og designkonkurransen, og kommunen inviterte fem deltakarar vidare: Arne Henriksen Arkitekter, Askim/Lantto saman med Gasa, Haga & Grov, Helen & Hard saman med Dietrich Untertrifaller, og Sauerbruch Hutton.
Den einstemmige juryen peika ut framlegget «Flyt» frå Askim/Lantto Arkitekter AS og Arkitektkontoret Gasa AS som det beste. «Nord og sør» av Sauerbruch Hutton var det nest beste etter juryen si meining.
Vinnarkonseptet er «enkelt og robust», seier juryen. Prosjektet viser den beste løysinga for inngangpartiet. Hallen opnar seg mot sør, aust og vest, og vareinntaket ligg mot nord. Hovuddisponeringa av funksjonane er god, men planløysinga er enno noko skjematisk, uttalar juryen i rapporten og kjem med fleire framlegg til mindre endringar.
Hovudkonstruksjonen er skapt av fire meter høge gitterrammer i tre, som kviler på betongsøyler mot sør, med seks meters mellomrom. Sekundærkonstruksjonen er i massivtre, som kan erstattast av korrugerte stålplater. Løysinga er økonomisk realiserbar. Ho er robust og vil vere eit positivt bidrag til arkitekturen i hallen, meiner juryen.
Sørfasaden – ein skrå, plantekledd vegg – stør opp under det parkdraget ein vil ha i området. Juryen ønskjer likevel å lyfte den grøne takflata noko, så publikum ikkje kan klatre opp. Ein kjenner seg uviss på om sedumtaket vil fordrøye regnvatnet nok til å hindre oversvømming av plassar og torg – ved kraftig vestlandsvêr.
Arkitektane gjer framlegg om at bygget skal få både balansert ventilasjon med varmeattvinning og hybrid ventilasjon, og opplegg for varierte driftsstrategiar etter ulike høve. Ventilasjonsløysinga er «god og kompetent», meiner juryen, som trur på prinsippa for energibruk og energisparing.
På vinnarlaget arbeidde Niels Marius Askim, Lars Lantto og Anne-Ki Thoresen for Askim/Lantto Arkitekter AS og Martin Baggerud, Per Kristian Monsen og Erik Fjermestad for Arkitektkontoret Gasa AS, alle sivilarkitektar MNAL. Konsulentfirma var Dronninga Landskap AS ved landskapsarkitekt MNLA Ragnhild Momrak, Esbensen Rådgivende Ingeniører A/S ved Arne Førland-Larsen og Dr. techn. Kristoffer Apeland AS ved Ole Jakob Hoel.
I sjumannsjuryen sat MNAL Knut Longva som NAL-oppnemnd arkitekt, medan MNAL Anne Brit Hodne i Stavanger kommune var sekretær for juryen.