Nyheter
Pressemelding:
Godt miljøinitiativ frå byggjenæringa
- Det er særs gledeleg at byggjenæringa sjølv lanserer ei norsk ordning for miljøklassifisering av bygg. Skal vi nå ambisiøse miljømål, er det heilt avgjerande at næringa medverkar til å gjere norske bygg meir miljøvennlege, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
19. februar 2010
Miljøklassifisering er ei friviljug ordning som næringa sjølv vil drifte. Det er ein metode for å måle kor miljøvennleg eit bygg er. Etter initiativ frå foreininga "Grønn Byggallianse", har over tretti bedrifter i næringa no blitt samde om å nytte det britiske miljøklassifiseringssystemet BREEAM som grunnlag for den norske ordninga.
Eit bygg som får eit "BREEAM-sertifikat" har ein høg miljøstandard. Klassifiseringsordninga vil bruke den nyleg vedtekne energimerkeordninga for å vurdere energieffektiviteten til eit bygg. Dessutan vil sertifikatet mellom anna godtgjere at det er brukt miljøvennlege materialar, at bygget har godt inneklima og lågt utslepp av miljøskadelege substansar.
- Eg vonar at initiativet får brei oppslutnad i næringa og at vi om nokre år har eit etablert system for miljøklassifisering av bygg i Noreg, seier Navarsete.