Gjennom fjellkløfta
Bystrup Arkitekter og Designere ApS vann den opne plan- og designkonkurransen for nye bygg til Sunnfjord Museum.
Danske Bystrup vann med framlegget «Kløften».
Sogn og Fjordane fylkeskommune stod bak tevlinga og vil òg stå for bygginga av dei nye lokala til fellesmagasin, administrasjon og publikum. 30 forslag kom inn, og alle vart godkjende. Juryen samla seg einstemmig om framlegget frå danskene, ikkje minst grunna bruken av tomta. Musea ligg ved Movatnet like aust for Førde sentrum.
Ein moderne passasje
Viktig i vurderinga var storleiken og plasseringa av dei nye bygga. Dei skal høve til museumsanlegget, som har over tredve bygningar, ifølgje juryen «smålåtne bygningar i eit typisk relativt krevjande vestlandslandskap».
Programmet opna for å vurdere riving av det eksisterande administrasjonsbygget og eventuelt verkstadbygget, sjølv om dette ikkje var ønska av kulturavdelinga i fylkeskommunen. Det kom inn framlegg om å plassere nybygga bak eller omkring dei eksisterande bygningane, på toppen av haugen, til erstatning for rivne bygg, og på parkeringsplassen. Juryen kom til at den beste løysinga var å leggje det store magasinet ned i bakken, for ikkje å eksponere det for mykje, og å leggje dei nye bygga eit stykkje unna dei gamle.
Forslaget «Kløften» syner ei løysing som høver bra til dei eksisterande bygningane, friluftsmuseet og landskapet. Frå ei ny parkering blir publikum leidd direkte inn i utstillingsareala og gjennom ei naturleg kløft i landskapet fram til eit flott utsyn over Movatnet og friluftsmuseet. Utstillingareala går inn og ut i fjellet på begge sider av kløfta, som kles inn med tak og vegger i glas, med eit moderne uttrykk. Glasbygget, «med sin slanke høgreiste skiveverknad», er godt tilpassa målestokken i landskapet, meiner juryen. Ein får «eit vakkert møte mellom historie og moderne teknologi».
Plasseringa gir potensiale for å fange opp solenergi, meiner juryen, som likevel ikkje er heilt nøgd med plasseringa av administrasjonen i høve til publikumsareala, den smale formen på fjellhallane, og at forslaget går litt utover romprogrammet sitt areal.
Norsk andreplass
Førstepremien på 400 000 kroner og innstilling til oppdrag gjekk til danske Bystrup Arkitekter og Designere ApS.
Framifrå Arkitekter SA, ved Grethe Raen og Sondre Gundersen, Oslo, fekk andrepremie på 250 000 kroner for «Huskestue», eit forslag som «inneber riving av både eksisterande administrasjonsbygg og verkstadbygg, og er såleis i konflikt med tilrådd ivaretaking av desse bygga, men ikkje med føresetnadene i programmet,» skriv juryen.
Tredjepremie gjekk til «Mellom bygning og landskap» av jaja Architects ved Jakob Steen Christensen, Jan Yoshiyuki Tanaka, Kathrin Susanna Gimmel, Ingrid Roalsø, Jeanne Wéry, Sam de Boever og Seeja Lorenzen, København, Danmark.
To forslag oppnådde heidrande omtale: «SMXL» av M.arch Olav Resell, Oslo, og «Walk in dance out» av Manthey Kula ved Chris Eng, Christine Petersen, Per Tamsen, Beate Hølmebakk og byggteknisk rådgiver siv.ing. Finn-Erik Nilsen.
Juryen var samansett av Bent Arnestad (administrasjonssjef for Musea i Sogn og Fjordane, leiar for juryen), Gunnhild Systad (avdelingsdirektør ved Sunnfjord Museum) Torolf Norheim (seniorådgivar, erstatta på grunn av sjukdom med Jan Tore Rosenlund, bygg- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune), Arlen Synnøve Bidne (kunsthistorikar, kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune) og dei to NAL-oppnemnde sivilarkitektane Britt Krokene og Arve Seger (fagleg sekretær).
Mykje meir om museumstevlinga i Norske Arkitektkonkurranser (NAK) lagt ved komande Arkitektnytt 08/11, i lag med ein NAK om Tusenårsstaden Gulatinget, enda ein open plan og designkonkurranse som Sogn og Fjordane fylkeskommune star bak.
Les hele juryrapporten her.