Gilde hestar i Grotten-galoppen
Dysten om den statlege kunstnarbustaden dreg seg til. Kjetil Trædal Thorsen, NALs kandidat, rir som ein «dark horse».
Det finst ikkje formelle statuttar for kven som kan få bu i Statens æresbustad for kunstnarar, men staden blir snart ledig, og Kulturdepartementet vil ta eit val på vårparten. Kjetil Trædal Thorsen heiast fram mot den gjæve pokalen av NAL. I brevet frå president Kjersti Nerseth til Kulturdepartementet står det at han er «en av de mest betydningsfulle norske kunstnere i vår generasjon».
Tolv namn i Dagbladet
Enno står alle dører opne til huset, sjølv midtvinters, for å seie det slik. Dagbladet har lagt sjela si i å gjere noko ut av den opne situasjonen. Avisa har prata med ulike personar og kome fram til ei liste med tolv aktuelle namn: Karl Ove Knausgård (42, forfattar), Leif Ove Andsnes (40, pianist), Herbjørg Wassmo (68, forfattar), Liv Ullmann (72, skuespillar og regissør), Kjetil Trædal Thorsen (52, arkitekt), Mari Boine (54, musikar), Jon Fosse (51, forfattar og dramatikar), Cecilie Ore (56, komponist), Stein Mehren (75, lyrikar), Håkon Bleken (81, malar), Jan Erik Vold (71, lyrikar), Paul Waaktaar-Savoy (49, musikar).
Som ein kan sjå, er det fem kandidatar som driv med ordkunst, fire som driv med musikk, medan Liv Ullmann, Kjetil Trædal Thorsen og Håkon Bleken representerer einskildprofesjonar retta mot visuelt uttrykk i større eller mindre grad. Denne tendensen er kan hende ikkje vilkårleg.
Ein arkitekt?
Dagbladet har tala med Rannveig Getz Nordheim, enkja etter Arne Nordheim, som ønskjer å bu i Grotten fram til sommaren, etter å ha budd der sidan 1982. Ho peikar på at det har vore tradisjon å la diktarar og komponistar veksle med å ha bustaden. Da skulle det bli ein diktar neste gong. At Rannveig Getz sjølv er interiørarkitekt MNIL, tel ikkje det minste i denne sammanhengen.
Diktaren Henrik Wergeland budde i Grotten frå 1841 til 1845. Æresbustaden vart oppretta i 1924, og komponisten Christian Sinding flytta inn. Diktaren Arnulf Øverland tok over i 1946, og komponisten Arne Norheim i 1981.
Jan Kjærstad meiner at Kulturdepartementet bør tenke alternativt. Arkitektur er i vinden. Difor ville Kjetil Trædal Thorsen vere eit godt val, seier han, og peikar elles på Jon Fosse, Paul Waaktaar-Savoy og Cecilie Ore.
NAL skriv om kandidaten sin, Kjetil Trædal Thorsen, som alt er Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, at han har «gjort seg meget fortjent til å motta en slik hedersbevisning». Men han står fram som ein utprega dark horse. Han har vunne store tevlingar før, og kan gjere det på ny, men kan òg bli arkitekten bak.