Nyheter

Fyrlykt i søkelyset

Kystverket Midt-Norge har utvikla ein ny type fyrlykt som etter kvart kan erstatte 2000 gamle fyrlykter, men ikkje alle formgjevarar er nøgde med modellen.


2000 slike lykter kan bli plasserte langs heile norskekysten. Illustrasjon: Kystverket

Dagbladet melder at den komande fyrlykta er sjukanta, sju meter høg, driven av solceller og batteri, treng mest ikkje vedlikehald og er rimeleg i produksjon. Ei lykt blir no sett opp på Svalbard for testing i ekstremt vêrlag.

 

– Heimesnekra

 

NRK Møre og Romsdal har henta inn ein kommentar til lykta frå designar Yvonne Aarset. Ho meiner at utforminga, lik ein «blyant», ikkje er god. Sivilarkitekt Odd Slyngstad ønskjer seg ein konkurranse om utforminga. Han meiner det er viktig korleis ei mengd fyrlykter i skjergarden tek seg ut.

 

Per Rygh, konkurransesekretær i NAL, er samd i kritikken. Utforminga kan verke heimesnekra, seier han i ein kommentar til Arkitektnytt. Han ser gjerne at ein arkitektkonkurranse blir vegen å gå fram mot ei god løysing.

 

– Reflekterer lys og radar best

 

– Fyrlykta skal sjå best mogleg ut, men tryggleiken og låge utgifter til vedlikehald er viktigast, seier regionsjef Harald Tronstad i Kystverket Midt-Norge. Han forklarar til Arkitektnytt at den sjukanta forma på lykta, lik ein blyant, er valt fordi ho har vist seg å reflektere sol- og radarstrålar best. Utforminga av toppen er gjort slik at fuglar ikkje skal setje seg og skite til fyrlykta.

 

Kystverket har arbeidd med testing av tjue fasongar. Ei lykt forma av ein designar, stod seg ikkje så bra på funksjonaliteten. Ein har ikkje vurdert å halde arkitektkonkurranse. Tronstad er redd for at det ville strande på kostnaden, og Kystverket må spare pengar.

 

No vil ein sjå på korleis den utvalde modellen tåler vêret på Svalbard, før fyrlykta blir sett i produksjon for Kystverket.